Det har ikkje lukkast Det Akademiske Kvarter i å få nokon til å ta vervet som økonomiansvarleg etter jul, og oppgåvene har hittil vorte fordelt mellom medlemmane i Kvarterstyret (KvaSt).
Eirik Tenfjord er ein av initiativtakarane til Kvarterets økonomiske ressursgruppe (KØR), ei nyoppretta arbeidsgruppe som no skal hjelpe kulturhuset til å sjå spesielt på budsjettering, langsiktig tenking, analyser og innkjøpsrutinar.
Han synest det er problematisk at Kvarteret ikkje har fått på plass ein økonomiansvarleg.
– Det er vanskeleg for KvaSt å ta innover seg alle arbeidsoppgåvene som ein økonomiansvarleg har. Det er ei enorm arbeidsoppgåve og mykje å fordjupe seg i, seier Tenfjord, som likevel forstår situasjonen til KvaSt.
Leiar i Kvarteret, Stian Dahle, meiner dette er uproblematisk.
– Så lenge vi har eit budsjett å forhalde oss til er ikkje det eit problem, seier han.
FERDIG DENNE VEKA
Studvest sette i førre veke fokus på forhandlingane mellom Kvarteret og dei fem driftsorganisasjonane (dorgane). Hovudproblemet var fordelinga av ølinntekter. Tysdag var det på nytt møte mellom Kvarteret og dorgane, der partane melder om at dei er svært nære ei felles løysing som alle kan gå med på.
– Vi har større einigheit rundt det økonomiske, og satsar på å vere i mål i løpet av kort tid, seier PR-ansvarleg Bendik Støren.
– HAR MANGLA TAL
Eirik Tenfjord trur derimot forhandlingane kunne ha vore sluttført på eit tidlegare tidspunkt.
– Hadde vi gjort ei utgreiing i forkant kunne partane diskutert på felles grunnlag. Slik som det har vore no, har det vore mykje synsing fordi begge sider manglar tal, seier Tenfjord.
Det meiner han dei kunne gjort noko med.
– Vi burde vore tidlegare ute, og gitt dei eit betre grunnlag før forhandlingane, ved å utgreie eventuelle problemstillingar rundt talmaterialet, seier han.
Verken Aktive Studenters Forening, Studentersamfunnet i Bergen eller Bergen Realistforening, vil kommentere saka overfor Studvest.
ØLPROVISJON
Tommy Holen Helland var leiar for Kvarteret i 2006, like før utflyttinga frå bygget i Olav Kyrres gate. Han erkjenner at det frå hans side var ønskje om å fjerne ølprovisjonen, men at det aldri vart diskutert sidan dei likevel skulle stengje for ei periode.
– Kvarteret hadde ikkje gått med overskot sidan 2001, den einaste gongen på 15 år, fortel den tidlegare leiaren.
Thomas Calder, som sat som økonomiansvarleg i KvaSt før jul, meiner derimot at det å la Kvarteret overta ølprovisjonen heilt frå dorgane ville ha skada kulturtilbodet.
– Ølprovisjonen er eit insentiv som sikrar at dorgane arrangerer større konsertar. Den er eit sikkerheitsnett som gjer at risikoen for økonomisk tap er liten, fordi ein har ei jamn inntekt gjennom ølinntektene, seier Calder.
TILBAKE TIL RF
Calder sit no som leiar for den nyoppstarta økonomigruppa for Kvarteret som vart konstituert denne veka. Samstundes er han medlem i Bergen Realistforening (RF), ein av driftsorganisasjonane. I forhandlingane om ølinntekter har Calder vore involvert som ein tredjepart.
Han forstår at folk kan sette spørsmålsteikn ved habiliteten hans.
– Sidan eg laga budsjettet til Kvarteret i fjor og har innsikt i økonomien, har eg eit objektiv perspektiv på saka og ein lojalitet til begge sider, hevdar Calder.