Dei etterkvart vidkjende vulkanskyene frå Island førte i førre veke til at mange artistar som skulle ha konsertar i Bergen vart «askefaste» i utlandet. Fleire arrangørar vart påverka, men hardast gjekk det nok utover Aktive Studenters Forening (ASF).
– Konserten med Grant-Lee Philips var den største vi skulle ha dette semesteret, så det er klart det øydelegg litt, seier ASF-leiar Gøran Thengs.
Artisten med bakgrunn frå den tidlegare trioen Grant Lee Buffalo, må førebels avlyse heile Europa-turnéen sin grunna skylaget. Men medan arrangøren klarte å flytte Motorpsycho-konserten til 14. mai, er det vanskelegare med den internasjonale artisten.
– Logistikkmessig er det ikkje like enkelt å flytte denne konserten, ettersom han kjem frå USA. Klarar vi å få sett opp konserten seinare, vert det nok tidlegast til hausten, seier Thengs.
30 TIMARS REISE
ASF klarte derimot å unngå fleire avlysingar, sjølv om det fort kunne gått gale for Liverpool-bandet The Cubical som spelte på Kvarteret laurdag.
– Dei skulle ha fire konsertar i Noreg, og måtte avlyse den dei skulle ha i Stavanger. Før dei kom til Bergen reiste dei med buss Trondheim - Oslo og tog mellom Oslo og Bergen, seier Thengs.
– I løpet av torsdag til laurdag reiste dei med andre ord i over 30 timar. Vi trengde ikkje avlyse, men det gjekk litt hardt utover bandet. Det siste eg høyrde frå dei var at dei låg strak ut på sofaen med nokre kjenningar i Oslo, flirer leiaren.
UTSETT TILTALE
Studentersamfunnet i Bergen fekk òg merke krøllen i flytrafikken og måtte avlyse debatten «Juryen på tiltalebenken» førre torsdag.
– Planen var eigentleg å gjennomføre debatten, ettersom vi først berre mangla ein i panelet. Men då endå ein måtte avlyse, stod vi berre att med ein i panelet, Erling Johannes Husabø som er professor ved universitetet her i byen, seier PR-ansvarleg Maria Dyrhol Sandvik.
– Det er veldig trist at vi måtte avlyse, men vi håpar at vi kan få gjennomført debatten ved eit seinare høve, seier ho.
Tysdag vart det annonsert at òg Samfunnet-møtet «Kvinnelige overgriparar» vert avlyst grunna usikre flyforhold.
ANDSNES UT AV ASKA
Studentsatsinga til Festspillene i Bergen, Studentimpulser, gjekk av stabelen 16. april – nesten utan ringverknader frå Island. Den Danske Strykekvartett kom seg ikkje fram.
– Leif Ove Andsnes skulle eigentleg ha ein konsert i Barcelona i helga, men kom seg ikkje avgarde og var då att i byen. Det er sjølvsagt dumt at vi ikkje fekk Den Danske Strykekvartett som planlagd, men vi er òg veldig nøgd med å få Andsnes til Studentimpulser, seier informasjons- og marknadskoordinator Hjørdis Losnedahl.