Mindre boltreplass. Denne svenske duoen er fascinerande, av fleire grunnar. Tekstane er gode. Gitarsekvensane er litt 80-talske, men utruleg fengjande. Og vokalist John Engelbert syng ikkje reint – det har han eigentleg aldri gjort – men det er ein del av sjarmen. Han gir alt, og gir seg ikkje ut for å vere ein sølvgut, men heller ei semihås rockestjerne.
Med tredjeplata «Mavericks» får gitar og vokalprestasjonar, likeeins tidlegare, leike i skjønn foreining, der begge delar klarar å få fram det beste i kvarandre. Når songen stilnar, kjem gylne musikalske parti, og når melodien vert dusa ned, får den spesielle røysta til Engelbert ofte får stå for seg sjølv. Med hell. Johnossi er flinke til å lage allsongvenlege tekstar, og ikkje minst til å byggje opp melodiane frå sped klimpring til tung gitarbass og hamring på trommer. Hadde duoen sunge på svensk hadde dei til forveksling vore uhyre lik Kent på dei rolege songane. Men trass visse fellestrekk, har dei jamvel sin heilt unike stil. Når ein høyrer Johnossi på radioen, høyrer ein det straks.
Med opningssporet «Mavericks» bommar dei derimot. Dette vert for seigt og langt med eit høgdepunkt som kjem for seint. Det same kan ein sei om «Worried Ground» som er 6.29 minutt lang og ein litt anonym «No Last Call». Då er det derimot tommelen opp for blant anna «Roscoe». Her har dei laga ein song som har ein fantastisk start og har eit refreng som garantert kjem til å snike seg inn i hovudet ditt. Same oppskrifta gjeld for flesteparten av dei andre songane.
Typisk Johnossi er det eigentleg å synge depressivt, men på ein positiv måte. For trass tekstar som: «What's the point of doing anything, if you'll never notice I would sit and wait for you again», høyrest alt positivt og bra når det vert akkompagnert den rette up-tempo-melodien. Då gjer det ingenting at songane deira heiter slikt som «Sickness», «Dead End» og «No Last Call».
Men medan debutplata «Johnossi» var spekka med mange rare og artige musikalske sprell, har nummer to og tre litt færre eksperimenterande og overraskande melodiar. Ja takk til litt meir galskap, type den første store hit-en deira «Man Must Dance».
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.