Sigrun – med hjartet i handa. Om den andre plata til Sigrun & the Kitchen Band kan mykje seiast. Men enn kvar ein startar, kjem ein ikkje utanom songtekstane. Likeins debutplata, «Blackcurrent and other Berries» frå 2008, har vokalist Sigrun Loe Sparboe skrive alle songane sjølv. Dette er heilt klart med på å prege plata, i den grad at songane vert veldig like, og tema for plata vert meir eller mindre utelukkande kjærleik.
Som skribent er det å unngå dei mest oppbrukte klisjeane noko av det første ein lærer. Det har ein ikkje gjort her. Nokre av tekstane er greie, men det vert for likt, og klisjeane står i kø, noko som øydelegg heilskapen.
Ta berre dei første songane og innhaldet der: Kjærasteri som gjer vondt, men som det er verd å satse på («This Little Game»). Giftemål («I Do»). Om ein fyr som truleg kjem til å gjere det slutt («Russian»). Forelsking («Something about You»). Ei dame som er misnøgd med forholdet («Fold and make a Wish»). Om å vakne opp med kjærasten («Knitting Stories»).
Bandet speler i sjangervegkrysset mellom folk, vise og pop, og har eit lydbilete som kan skildrast som enkelt, men pent og pynteleg. Men etter å ha høyrt heile plata, får underteikna kjensla av å ikkje fått noko utav det heile. Dette vert for sukkersøtt, manglar særpreg og variasjon.
Vokalisten har i tillegg ein litt dårleg engelskuttale, noko som tidvis vert eit irritasjonsmoment under gjennomhøyringa.
Kvar er så høgdepunktet? Merkeleg nok songen som har ein tittel som representerer tema for plata i eit nøtteskal: «I Love You». Her senkar vokalisten tempoet heilt-heilt ned, og her får eg inntrykket av at Loe Sparboe faktisk meiner det ho syng ved å leggje sjela si i det.
Musikken fungerer som «heilt OK» bakgrunnsmusikk, men er ikkje noko ein verkeleg set seg ned for å høyre på. Det er tekstane og melodiane for enkle og overflatiske til. Konklusjon? Songprestasjonane til vokalist Sigrun er heilt middels. Plata vert ikkje tatt fram igjen.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.