Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Vektar lokale band


 
PIGGTRÅDFESTIVALEN
Piggtrådfestivalen er en to dagers metalfestival som arrangeres på Hulen.
Festivalen arrangeres i år for fjerde gong.
Det er berre Piggtrådfestivalen og Hole In The Sky som er reine metalkonsept i Bergen.
I år er det fire band frå Bergen som deltek: Hellfight, Ribozyme, Hellish Outcast og Concussion.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKK
I fjor var det berre to bergensband som spela under Piggtrådfestivalen. I år er det fire av åtte.

Tekst: KAROLINE VÅRDAL

– At fire bergensband står på plakaten for Piggtrådfestivalen er på grunn av eit godt lokalt musikkmiljø som gror fram gode artistar, fortel PR-ansvarleg.

Når Piggtrådfestivalen går av stabelen 16. – 17. mars er det for fjerde år på rad. Undergrunnsfestivalen har som hovudmål å syne fram nye og ukjende band innanfor metalsjangeren.

– Norsk metal er godt kjend for sin kvalitet i utlandet. Arrangementet har tidlegare skapa interesse blant internasjonale musikkaktørar, fortel PR-ansvarleg.

Sjølv om Piggtrådfestivalen har blitt eit veletablert arrangement, skrur ikkje leiinga opp forventingane til avviklinga.

– Eg har ingen forventingar om fleire publikummarar. Vi er ein festival som satsar på å syne fram undergrunnsband, og til å underhalde med desse artistane. I hovudsak kan festivalen eigentleg kallast eit undergrunnskonsertkonsept, forklarar PR-han.

Programmet for året er variert, med stor spennvidde i sjanger.

– Det lokale miljøet i Bergen består av både det meir ekstreme feltet av metal, og band som ligg i andre enden av skalaen. Felles for dei som opptrer i år, er ein balanse mellom god kvalitet og interessant musikk. Metalsjangeren er generelt prega av kvalitet, og Noreg er internasjonalt kjend for fleire av sine metalband, fortel han.

Band som Sahg og Lowdown har spelt på Piggtrådfestivalen. I år står det håpefulle bandet Hellish Outcast på scena. Dei ynskjer seg platekontrakt.

– Joda, det hadde vore greitt å bli oppdaga no. Sånn omtrent på laurdagskveld kunne passe fint, smiler Martin Legreid (21), vokalist og gitarist i bandet.

– Breed, som opptredde på Piggtrådfestivalen i fjor, blei plukka opp på festivalen, og ført vidare i systemet. Så det er definitivt store moglegheiter for ukjende band å få vise seg fram, meiner Mads Lilletvedt (21) som er trommeslager i Hellish Outcast.

Sjølv vil dei to artistane forsøke å sjå alle som opptrer på festivalen, men spesielt Hellfight meiner dei kan bli ein interessant konsertoppleving.

– Eg trur dei sparkar vilt frå seg på scena, og har i tillegg til sceneshowet svært god musikk, utdjupar Lilletvedt.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE