Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 08/02 Kl. 20:29 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Phonofestivalen
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Zappa plays Zappa


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
KONSERTOMTALER
Grieghallen, 10. oktober.

Karakter: C

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

At Frank Zappa sin musikk har mange fans på far min sin alder visste eg, men at 80 prosent av publikum på ein Zappa-tributekonsert viste seg å vere svartkledde karar over 45 år, kom litt som ei ovverrasking. Å stå saman med syngane gamle gubbar som anerkjennande nikkar til småabsurde tekster som dei sannsynlegvis pugga på eit rom med oransjeblomstra tapet ein gong på 70-talet, kjem eg neppe til å oppleve så ofte.

Sonen til Zappa, Dweezil Zappa, og bandet hans klarte å skape ei god stemning denne kvelden. Kombinasjonen av videoopptak av Frank Zappa som stod på i bakgrunnen og konserten på scena fungerte godt. Vekslinga mellom dei kompliserte instrumentallåtane og dei litt enklare 70-talshitane var også til tider veldig god. Andre gongar vart det imidlertid litt for langt mellom dei symfonisinspirerte innslaga som Frank Zappa var så god på.

Eit av høgdepunkta under konserten var definitivt kombiverket "Dog/Meat": Ein herleg instrumentallåt med klarinett og vibrafon som hovudinstrument. Stadige taktskifte og leikande soloar satte publikum i ei ekte psykedelisk draumestemning.

Ein heilt optimal Zappa-kveld blei det likevel ikkje for meg, sjølv om nostalgikarane i salen sikkert opplevde konserten som eit av årets høgdepunkt.

No skal det sjølvsagt godt gjerast at ein tributekonsert av ein artist som har gitt ut 75 plater vel akkurat dei songane ein sjølv har som favorittar. Men for min del kunne eg gjerne tenkt meg å høyre låtar som ”Who needs the peacecorps”, ”What’s the ugliest part of your body” og andre finurlegheiter frå plata ”We’re only in it for the money”. Denne absurde humoren til Zappa kunne med fordel blitt inkludert i låtmaterialet.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Zappa var først og fremst en komponist/gitarist/humanist, som lo, og lekte med etablerte normer.En større personlighet finnes ikke i dag. Steve Vai har skjønt det viktigste, og har ført arven videre, til stor glede for oss .................




  SØK I STUDVEST:
SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE