Medan Bjarte spontant vert utpeikt av dei andre som «den som har draget», er han ikkje den einaste som får lange blikk.
– Du vart då sjekka opp av ein kar, vart du ikkje, Kjetil? Etter ein konsert? utbryt vokalist Christian Franklin.
– Ja, men det var jo i Årdal, seier Kjetil Høvig med ekstra trykk på stadnamnet.
– Bjarte har nok mest draget. Eksternt. Ingvild har mest draget på resten av bandet. Internt, konkluderer Kjetil Høvig.
– Kvifor namnet Jennifer Peach ?
– Ja, kvifor valte de eigentleg eit jentenamn? spør vokalisten og ser undrande på dei fire bandmedlemmene frå Florø.
Christian Franklin er den ferskaste vitamininnsprøytinga til bandprosjektet Jennifer Peach, og måtte stille på audition for å kapre vokalistrolla. Namnet var derimot avgjort før han kom inn i biletet. Bandet har trass alt byta vokalist tre-fire gonger.
– Det kjem frå ein Pogo Pops-song. Det var rett og slett eit kult namn. Og så var det den første skikkelege rockekonserten eg var på. Trur eg var 10 år, seier Kjetil.
– Eg hugsar korleis vi bladde i eit atlas då vi skulle finne namn, mimrar Eirik Takle.
Det austlandske tonefallet til vokalisten let ikkje vente på seg:
– Bra de ikkje enda opp med Zimbabwe, Nigeria eller noko liknande, konstaterer Christian.
– Kva kranglar de om?
– Vi kranglar ikkje! kjem det nærast unisont.
Samtlege av bandmedlemmene har spelt saman i fleire år i andre grupper. Sjølv karakteriserer dei seg som ein god kameratgjeng som treffast to gonger i veka for å ha det kjekt.
– Nei, vi skyv heller problema under teppet. Slik som skikkelege folk, flirer Kjetil.
– Ja, det er jo det som er vanleg, forklarar Eirik.
– Kva for inspirasjonskjelder har vore viktigast?
– Nett no er det P4, kjem det spontant frå Bjarte, medan vokalisten held seg til eit meir stovereint svar:
– Foo Fighters. Dave Matthews Band. U2.
– Konsertband, eller best i studio?
– Første gongen eg fekk høyre dei andre spele live fekk eg ståpels. Det var så utruleg «tight» og bra spelt, rosar Christian.
– Vi kjenner kvarandre så godt og har spelt så mykje saman at det eigentleg vert litt hipp som happ om vi spelar i studio eller live, meiner Bjarte.
– Av og til treng vi ikkje å sei noko til kvarandre eingong. Vi berre spelar. Det er ganske spesielt, supplerer Kjetil.
– Kva er ambisjonane vidare?
– No har vi eigentleg nådd dei fleste måla som vi sette oss i fjor. Vi kom oss i studio. Vi har vorte spelt på radio, og fekk spele på FotballFlora. No bør vi kanskje ta sikte på å ta opp ein EP og tene litt pengar, meiner Christian.
– Ja, om du skriv ned kontonummeret vårt, får vi kanskje ei ordning på det, avrundar Bjarte.