Mange skulle likt å sjå seg sjølv bak bardisken på Hulen. Gode tider for studentorganisasjonen generelt, gjer imidlertid at mange av søkjarane finn namnet sitt att på ventelista. Dette semesteret er 60 av totalt 120 tilsette på Hulen nye.
Førre haust hadde utestaden 20 fleire nytilsetjingar enn i år, men Heggenes og co lid likevel inga nød.
– No har vi fylt opp alle stillingane, og har i tillegg ei venteliste for eventuelle arbeidstakarar om nokon skulle trekkje seg, forklarar leiaren som no er inne i sitt ellevte semester på utestaden.
RIFT OM STILLINGANE
Dei gode søkjertala går att ved fleire av studentorganisasjonane. Dei første søknadane for eit haustsemester i student-tv (BSTV) tikkar gjerne inn allereie i vårsemesteret. Og medan Studenradioen i Bergen (SRIB) i fjor hadde i underkant av 50 søkjarar, hadde dei dette semesteret omlag 70. Ansvarleg redaktør Mari Garaas Løchen er svært nøgd med oppslutnaden rundt Studentradioen den siste tida.
– Vi har heile vegen hatt fleire søkarar enn stillingar. Men vi har no ekstra mange i opplæring, ettersom radioen utvidar sendetida etter jul, seier ho.
– OVER ALL FORVENTING
Studvest har ut i frå søkjarbunken òg vore heldige med mange interesserte.
– Rekrutteringa har gått over all forventing. Vi har hatt over dobbelt så mange søkarar no i haust enn det vi trengde, seier ansvarleg redaktør i Studvest Pia Martine Wold, som opplyser at dette er ein tredjedels auking frå sist semester.
Kvarteret, som sleit med rekrutteringa etter dei byrja på opprusting av lokala sine, melder også auka oppslutnad.
– Vi treng fleire aktive i miljøet, men har no klart å markere oss på kartet etter eit vanskeleg vårsemester, seier internansvarleg Anne Kari Tinnesand.
Studentersamfunnet i Bergen fekk nyleg 20 nye medarbeidarar. Studentersamfunnet gjekk på si side i år opp frå 52 til 62 aktive studentar.
– ERFARING AVGJERANDE
Kontorsjef ved NAV jobbservice, Sigbjørn Øystese, fortel at frivillig arbeid gjer seg godt på CV-en.
– Vi har merka at arbeidsgivarane vi samarbeider med ofte vektlegg engasjement i studentorganisasjonar sterkt ved nytilsetjing, seier Sigbjørn Øystese, kontorsjef ved NAV jobbservice.
Ved val av likeverdige kandidatar, trur han arbeid i ein studentorganisasjon parallelt med studiane kan vere utslagsgivande.
– I ein utvelgingsprosess vil er fagleg kunnskap hovudprioriteringa, men å ha vore aktiv i ein studentorganisasjon gir arbeidsgivaren eit vidare inntrykk av søkjaren som person, seier Øystese.
VIKTIGARE I HOVUDUTDANNINGA
Tom Georg Indrevik, sjef i Kelly Services Bergen, seier seg einig med Øystese i at engasjement uansett er positivt.
– Næringslivet er alltid ute etter folk med interesse for fleire felt. Engasjerer ein seg i studentorganisasjonar viser det at ein kan ta ansvar utover eige studie, seier han.
Nyhenderedaktør i Bergen Student-tv understrekar ut i frå eigne erfaringar kor viktig ein jobb utanom studiane er:
– Etter ein jobb med oss, kan ein få jobb innan media, sjølv om ein i utgangspunktet skulle vere utdanna lærar eller noko anna. Då har arbeidet vorte viktigare enn utdanninga, forklarar Nina Anderson.
– Det har alt å sei.