I desse dagar skulle HiBiscus, studentavisa for Høgskolen i Bergen (HiB), snart ha kome ut med nytt nummer. At avisa ikkje har kome ut sidan i sommar, har verken studentane Jostein Nesje eller Lars-Erik Lunde fått med seg.
– Eg plar å plukke med meg avisa, men har ikkje merka at den ikkje har kome ut i haust, seier Lunde.
Heller ikkje medstudent Jostein Nesje på energiteknologi ved HiB har merket at avisa har forsvunne frå stativet.
UTAN REDAKTØR
Grunnen til dei tomme stativa på skulen, er blant anna fordi Marielle Hovlandsdal Akselsen har trekt seg som redaktør. Dette kom fram etter eit møte som vart gjennomført av HiBiscus-medlemmer etter ein telefon frå Studvest.
– Redaktøren har over lenger tid vore sjuk, og sluttar av personlege grunnar. Først på tysdag fekk eg endeleg stadfesting om at ho seier opp, men det har lege på toppen i over ein månad at det kanskje vart slik, seier styreleiar i HiBiscus, Martin Groh.
REKRUTTERINGSVANSKAR
Trass i forsøk på å skaffe nye skribentar via stands, e-post og på arrangement, har det over lenger tid vore vanskar med å skaffe nye fjes til redaksjonen.
– Det har vore altfor lita rekruttering i fleire år. Det har heile tida vore opp til redaksjonen å sei stopp om dei ikkje klarte å fortsette, seier Groh.
– Kunne produksjonen halde fram om de hadde hatt ein ny redaktør?
—Sannsynlegvis kunne vi nok fortsatt. Men det er klart at det merkast når ein slik nøkkelperson sluttar.
ØNSKJER AVIS
Høgskoledirektør, Nils Mæhle, var ikkje klar over situasjonen til HiBiscus.
– Eg har forstått at det har vore eit generelt problem med å rekruttere, og eit spesielt problem med å finne folk frå Høgskulen til stillingane, noko vi meiner er viktig.
– Visste du at avisa no er ute av drift?
– Vi har ikkje fått tydelege signal på at det har gått så dårleg.
Mæhle håpar at skulen kan halde fram med å ha ei eiga studentavis.
– Det er sjølvsagt veldig ønskjeleg at drifta til avisa kjem i gang igjen. Det er eit viktig organ for Høgskolen, og vi vil gjerne vere med å hjelpe dei med dette.
LITE INFORMASJON
Studvest har i over ei veke freista å få kontakt med tidlegare redaktør Marielle Hovlandsdal Akselsen for å få hennar versjon av saka. Då vi fekk kontakt, viste ho til styreleiar Martin Groh. I samband med budsjett for 2009, som har frist i dag, har òg budsjettkomiteen i Velferdstinget prøvd å kome i kontakt med HiBiscus. Dei har ikkje lukkast i dette.
– Kvifor har det vore så lite informasjon rundt situasjonen til avisa?
– Redaktøren er ansvarleg for den daglege drifta, og når denne personen fell ut, vert det litt vanskeleg. Det er ikkje så mange personar i systemet, seier Martin Groh.
– Har de lyst ut redaktørstillinga?
– Eg veit avisa har vore på jakt etter ein ny redaktør i vel eit halvt år. Og det har vore lyst ut stilling, men ikkje direkte knytt til redaktørstillinga.
– Kvifor har ikkje budsjettkomiteén fått kontakt med HiBiscus?
– Det er ingen som har prøvd å kome i kontakt med økonomiansvarleg i avisa, og heller ikkje med meg. I løpet av kort tid vil styret i HiBiscus avgjere kva som skjer vidare med studentavisa, seier Groh.