I innstillinga budsjettkomiteen hadde, var det sett av 100 000 kroner som HiBiscus kunne bruke om dei i 2009 valde å starte oppatt. Etter budsjettforhandlingane i Velferdstinget onsdag, vart denne summen sett av til organisasjonar som allereie har aktivitet.
– Om HiBiscus plutseleg kjem i gong att, er det sjølvsagt dumt at pengane er vekk, men vi vurderer problema deira som noko som ikkje let seg løyse på kort tid, seier leiar i Arbeidsutvalet (AU) til Norsk Studentunion (NSU) Bergen, Ben Holan.
– Budsjettkomiteen argumenterte med at pengane burde stå som ein buffer for Velferdstinget, men studentavisa får òg pengar frå andre stader.
INGENTING FØR 2010
At pengane ikkje no står tilgjengeleg om studentavisa skulle kome i gong att, gjer at dei i praksis ikkje kjem til å kunne få pengar gjennom Velferdstinget til neste år. Neste høve vert ved neste innlevering av budsjett for 2010.
– Situasjonen kring ressursane er så prekær at vi meiner det er viktigare å bruke pengane enn å sette pengane til sides for HiBiscus, seier AU-leiaren.
Holan peiker på at dei økonomiske vanskane eit nytt HiBiscus eventuelt kjem til å få, ikkje er Velferdstinget sitt ansvar.
– Dei har trekt seg vekk, ikkje informert andre, og heller ikkje rydda opp etter seg. Å sette av pengar i tilfelle dei skal starte oppatt, kan ikkje forsvarast. Når dei ikkje leverer budsjett til fristen, må vi følgje reglane, slår Holan fast.
FRAMLEIS IKKJE AVKLART
Kjernen i HiBiscus har enno ikkje avklart kva som kjem til å skje med avisa framover. Ifølgje styreleiar Martin Groh vil dei mest truleg ikkje få stabla på beina noko avis til nyåret.
– Kva vil det sei for framtida til HiBiscus at den neste redaksjonen tidlegast kan søkje om pengar til 2010?
– Vi har ein del oppstarte pengar, blant anna frå tidlegare annonseinntekter. Desse pengane vert mest sannsynleg oppbevart, slik at dei er tilgjengeleg for ein ny redaksjon. HiBiscus vil uansett ikkje kome på plass att rett etter nyttår, seier Groh.
Styreleiaren er usikker på kor mykje pengar det er snakk om. Hittil har HiBiscus ikkje vore i kontakt med Høgskulen i Bergen, men Høgskuledirektør Nils Mæhle seier til Studvest at han vil ha eit møte med Groh og Anders Bøhn, leiar av Studentparlamentet ved Høgskulen, i slutten av månaden. Det er uvisst når og om redaktørstillinga vert lyst ut.