Ifølgje pressemeldinga frå HiBiscus som kom i førre veke, skal pausen i produksjonen av avisa ha kome av at redaktøren trekte seg. I tilleg skal det ha vore vanskeleg å rekruttere medarbeidarar. Tidlegare redaktør, Lars-Petter Øgaard, arbeidde i HiBiscus frå 2004-2006, og kjenner att problema.
– Vi hadde dei same vanskane. Det var ikkje nok faste skribentar i avisa. Vi klarte oss, men det var berre akkurat, forklarar Øgaard.
MANGLA BIDRAGSYTARAR
I tillegg til dei faste stillingane, skal det ha vore om lag fem journalistar, og fire fotografar i avisa. Elles var det nokre som skreiv tekstar for nokre av utgåvene. Mangelen på faste bidragsytarar, meiner eks-redaktøren påverka produktet.
– Problemet var at HiBiscus til tider vart for useriøs. Nokre saker vart laga heilt på tampen før innleveringsfrist. Artiklane vart derfor i for stor grad oppdikta, og fekk ei useriøs vinkling, seier den tidlegare redaktøren.
– TRENG EIGA AVIS
Han synest det er trist at Høgskolen risikerer å ikkje få noko aktiv avis før hausten 2009, eventuelt ikkje før 2010.
– Det er kjempetrist. Redaksjonen vår prøvde å unngå det, men vi såg at det gjekk nedover etter vi var ferdige.
– Kor viktig er det at Høgskolen i Bergen har eiga avis?
– Studvest dekkjer HiB, men ikkje godt nok. Det trengst ei avis som berre dekkjer høgskulesaker.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.