Kvifor «kjøpefri dag»?
I Vesten har vi eit altfor stort forbruk. For at fleire land skal kome seg ut av fattigdomen, må ressursane delast meir rettferdig. Jula har vorte ein kjøpefest der mange kjenner seg pliktige til å kjøpe gåver. Under markeringa deler vi blant anna ut grøne gåvekort med tips til miljøvenlege og billige gåver ein kan gi vekk.
Kven står bak?
Dagen er eit samarbeid mellom Framtiden i våre hender og Miljøpartiet De Grønne. Ein årleg internasjonal dag som vert markert i vel 50 land den siste laurdagen i november.
Korleis tek folk i mot konseptet?
Folk forstår at vi må redusere forbruket vårt. Dei ser symbolverdien, og synest det er ei fin markering. Poenget er ikkje at ein let vere å kjøpe noko berre denne dagen. Det skal gjere deg meir medviten på det du kjøper. Utset du berre all handlinga til dagen etterpå, er poenget vekk.
Markeringa passar nok flott for ein student med dårleg økonomi?
Ja. Og så kan det jo vere greitt å heller prioritere opplevingar med vener, framfor å kjøpe seg ein ny genser.
Har du sjølv endra tankegang etter du vart med på dette?
Eg tenkjer nok meir på om eg verkeleg treng det eg kjøper. Eg prøver i alle fall å finne meir miljøvenlege alternativ.
Har du ei siste melding til folk før julestria kjem over oss?
Vi må sjå vår eigen livsstil i samband med andre delar av verda. Både for å fordele ressursane på ein betre måte, og fordi jorda ikkje toler det store forbruket. Ein må sjølvsagt kjøpe den maten ein treng, men mange ting kan ein klare seg utan.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.