Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Organisasjonsjubileum.

Rettar kameraet mot Samfunnet


SAMFUNNSTV. Inger Johanne Ruset (t.v), Roger Valhammer og Rebekka Kvelland frå Studentersamfunnet vert intervjua av Camilla Sætehaug og Espen Dahlgren Doksrød. FOTO: CAMILLA HOLM BIRKELAND

 
MER OM DENNE SAKEN:
– Ei ekstra belastning
STUDVEST FØLGER TEMAET:
STUDENTERSAMFUNNET
Frå idémyldring i januar, til gjennomført 75-årsjubileum i mars, skal Bergen Student-TV følgje medlemmene i Studentersamfunnet.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Det går ikkje stille føre seg når ein organisasjon som Studentersamfunnet fyller 75 år. Til generalforsamling 22. november, vart det lagt fram eit fullspekka programforslag til jubileet. Etter nyttår rettar Bergen Student-tv kamera og mikrofon mot medlemmene i innspurten før markeringa.

– Arbeidet er på bestilling frå oss. Med fokus på førebuingsarbeidet av jubileumsprogrammet, håpar vi dokumentaren gir eit innblikk i arbeidet og engasjementet til medlemmene i Samfunnet, seier leiar Rebekka Kvelland.

– GLAD FOR OPPDRAGET

Bergen Student-TV er nett ferdig med siste sending for semesteret og kan no starte planlegginga av dokumentaren.

– Det er sjølvsagt veldig hyggeleg å få dette oppdraget, og ikkje minst bra at vi som studentorganisasjonar kan bruke kvarandre, seier sjefredaktør Linn Engesvik, og held fram:

—I løpet av ei til to veker, vil vi planlegge korleis arbeidet med dokumentaren skal gjennomførast.

Startskotet for arbeidet med dokumentarfilmen går med programredaksjonen 9. januar.

EIN MILLION

Allereie i sommar byrja førebuingane til jubileet. For å få i hamn det omfattande arbeidet det er å feire ein 75-åring, er det utnemnd ein eigen jubileumskomité med Roger Valhammer i spissen. På generalforsamlinga la han fram eit budsjett med ein totalsum på over ein million.

– Budsjettet som vart vedtatt tek utgangspunkt i at vi får inn nok pengar frå sponsorane, men vi vil sjølvsagt ikkje bruke meir pengar enn det vi får inn, seier Valhammer.

SKRIVAST INN I HISTORIA

Studentersamfunnet vil ikkje berre forevige organisasjonsarbeidet på film, men òg i bokform. Førre historiebok var «Ordet er fritt» som kom ut i 2000, og tok føre seg historia frå oppstarten og fram til 90-talet. Får dei frivillige arbeidarane det slik dei vil, vert boka oppdatert med kva som har skjedd etter tusenårsskiftet.

Med ei historie som byrja i 1934, er organisasjonen eldre enn sjølv universitetet i Bergen (UiB), som først kom på bana i 1946. Sjølve jubileet er frå 16. mars til 20. mars.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KULTURSAKER
SISTE NYHENDE