Tildelinga av nye radiofrekvenser for Bergensområdet er utsett med eit halvt år. Det kom fram i ei pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet 25. november.
– Alle planane våre er lagt på is, seier Karen Sofie Sørensen, dagleg leiar i Studentradioen.
HATT STOR-REKRUTTERING
Ho og resten av Studentradioen fekk i går melding om at den lenge planlagde auken i sendetida, frå 29 til over 50 timar i veka, likevel ikkje vert ein realitet frå januar. I staden må Studentadioen halde fram med dei gamle sendetidene til 1. juli.
– Vi har planlagd nye sendingar og har hatt stor-rekruttering i haust. Dei nye medarbeidarane har vi kursa med tanke på dei nye sendetidene, seier Sørensen.
– Elles har vi gjort avtalar med dei vi skal dele sendetid med. No er samarbeidet lagt på is for eit halvt år, seier Mari Garaas Løchen, ansvarleg redaktør i Studentradioen.
– Det er veldig trist å verte ved dei gamle sendetidene no, legg Sørensen til.
EIT DEFINISJONSPROBLEM
Grunnane for utsetjinga er problem med retten til sendetider (konsesjonane) for ein del radiokanalar av typen allmennradio og 24/7-radio. Medietilsynet og Departementet har mellom anna hatt forskjellege definisjonar av kva «lokalt innhald» for radioane inneber, noko som var avgjerande for konsesjonstildelinga.
– Ulike aktørar har hatt ulike definisjonar av kva dei reknar som lokalt innhald, forklarar Giske på nettfjernsynet til regjeringa.
– Aktørane har òg fått ulik informasjon. Dette har gjort det vanskeleg for oss å samanlikne søkjarane, slik at dei stiller likt i konkurransen.
Studentradioen er ikkje direkte råka av desse problema, siden dei korkje er allmennradio eller 24/7-radio. Dei blir likevel påverka sidan departementet forlenger konsesjonsperioden for alle radiokanaler til 1. juli slik at dei får handsama alle dei nye søknadane. Fyrst då kan Studentradioen begynne med dei nye sendetidene sine.
Kultur- og kyrkjedepartementet ville tysdag ettermiddag ikkje kommentere saka ytterlegare.
MORGONPROGRAMMET UTSETT
Morgonsendingane til radioen skulle vere den nye storsatsinga til Studentradioen, med to timar radio kvar morgon om kvardagane. Marius Kjørmo skulle eigentleg vere med på programmet.
– Det er utruleg skuffande å få ei slik melding. Dette er noko vi har jobba med lenge. At det berre vert utsatt så brått, er veldig trist.
Kjørmo håper likevel han får sjansen til å jobbe med morgonsendingane.
– Eg må jo berre jobbe vidare med radioen slik eg har gjort til no. Eg håpar på å få vere med på morgonsendingane ifrå juli igjen.