– Studentorganisasjonane får no gjerne mindre støtte, eller inga støtte frå tidlegare sponsorar på grunn av finanskrisa, seier leiar for Springbrettfondet, Øyvind Vågsvær.
Studentorganisasjonen Springbrettet jobbar blant anna for å leggje til rette for tettare samarbeid mellom næringsliv og studentorganisasjonar.
VANSKELEG FOR UKJENDE
Som student med erfaring frå andre studentorganisasjonar, veit Vågsvær kor vanskeleg det kan vere å få nok pengar til å gjennomføre alle ideane ein har.
– For dei som ikkje allereie er kjende i miljøet, vil det vere så å sei umogleg å få sponsorar. Motivasjonen min for at eg stilte til val for dette vervet, er nettopp fordi eg vil få gjort noko med dette, seier Vågsvær.
To gonger i året sit Springbrettfondet klar med 200 000 kroner. Ei alternativ pengekjelde for studentorganisasjonar i Bergen, som ikkje altfor mange har oppdaga.
MISTAR HOVUDSPONSOR
Ein av dei som merkar trongare tider, er Studentersamfunnet. Denne månaden skal dei i møte med Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) for å diskutere ei vidare kontrakt. Signala dei har fått, tyder på at hovudsponsoren ønskjer å redusere støtten grunna finanskrisa.
– Eit eventuelt mellomlegg må vi då få nokon andre til å dekkje. Det vil alltid vere litt ekstraarbeid i forhold til dette, men vi får lese og leite fram andre som kan hjelpe til, seier leiar i Studentersamfunnet, Rebekka Kvelland.
Nyleg signerte Samfunnet ei mindre sponsoravtale med Sparebanken Vest. Dei ønskjer òg at Studentsamskipnaden eventuelt kan verte sponsor.
PROFESJONALERING
Siren Sundland, leiar for Visjon Vest hjå Sparebanken Vest, meiner den auka konkurransen ikkje nødvendigvis er negativt for studentmiljøet.
– Dei best organiserte prosjektene med god oppfølging, er dei som vinn fram når vi har mindre å dele ut. Finanskrisa tvingar fram ei profesjonaliseringa blant studentorganisasjonane, meiner Sundland.
Banken som kvart år delar ut store summar til allmennyttige føremål, sier ei halvering av sponsorpotten i framtida er høgst sannsynleg. Sundland meiner likevel at studentorganisasjonane framleis vil bli prioriterte av Sparebanken Vest.
– Pengane vi delar ut skal blant anna gå til kompetanseutvikling og forsking, såleis er studentmiljø eit heilt sentrale satsingsområde. Studentaktivitetar er viktige i åra som kjem, meiner Sundland.
RESULTAT FØRST I JANUAR
Mange av studentorganisasjonar Studvest har vore i kontakt med, er berre i startfasen i sponsorjakta og vil difor ikkje ha endeleg resultat på bordet før på nyåret. Blant desse er Realistforeningen.
– Vi treng pengar til 50-årsjubileumet i februar, men verksemder vi har vore i kontakt med har fortald oss at vi ikkje må ha for store forhåpningar om å få søtte, seier økonomisjef Stine Henriksen.
FOKUS PÅ MERKEVAREBYGGING
Vegen mot ei signert sponsorkontrakt, meiner Siren Sundland kjem gjennom desse punkta:
Tydeleg skildring
God organisering
God økonomistyring
Argumenter med kva de kan tilby for eit nærare samarbeid med næringslivet, i staden for kvifor de treng støtte.
– Sponsing er ein komersiell avtale som handlar om verdiar og merkevarebygging. Organisasjonen må tenkje på kva for assosiasjonar dei kan knytte opp mot den dei søkjer pengar frå, forklarar Visjon Vest-leiaren.