Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Sivert Høyem


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«Moon Landing» (Universal)

Karakter: C

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Spelt til klassikar. Høyem har dette med å ikkje gi i frå seg fleire songar enn akkurat det som trengst for å gi ut ei ny plate. Men før han gir dei i frå seg, har han òg gjort dei godt og grundig. Med denne tredje soloplata køyrer han same oppskrift: Før han gir ut noko nytt, kjem vi til å ha spelt i hel hit-ane hans på denne plata, og er svoltne på meir frå sortlendingen.

«Belorado» er songen ein er nøydd å forelska seg i. På plata fungerer sporet som den perfekte opninga. Sjølv, med sine cirka ni minutt, glir songen av seg sjølv som ein gitar- og vokalmessig draum. Ja, eg vedkjenner meg gladeleg ein hang til mørke mannsrøyster akkompagnert av gitarar, men dette er rett og slett nydeleg.

Songen vert avløyst av ein meir neddempa «The Light That Falls Among the Trees». Tittelsporet, «Moon Landing», treng neppe noko vidare introduksjon. Vi har allereie høyrt gromsongen fleire gongar på radioen. Avsluttinga med «Arcadian Wives» er plata verdig, og sluttar på same vis som plata startar. Nydeleg.

Men månelandinga til Høyem har òg nokre tydeleg svake spor. Keyboard-spelet på «What You Doin' With Him» øydelegg meir enn det bidrar. «Lost At Sea» er uengasjert og einsformig, noko som òg kan seiast om to andre på spelelista. Desse engasjerer verken øyra eller føtene.

Plata reknar Høyem sjølv som den første ordentlege soloplata etter Madrugada. Og starten er flott, den. Berre ikkje heilt heilstøypt. Nokre trekk ned snittet. Flaks då at dei gode er så gode at eg mest gløymer dei mindre engasjerande songane.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR