Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Alicia Keys


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«The Element of Freedom» (J Records/Sony Music)

Karakter: C

Tekst: JANNE G. SØRGULEN


Sticky business. Kjærleik, kjærleik, kjærleik. Med hjarte i auga og ein mikrofon framfor seg i studio har Alicia Keys fylt ei heil plate av sorten. Det er kjærleik som får ho til å sveve, til å sakne, til å grine og til å.. ja, rett og slett syte. For det er ikkje måte på kor hardt forankra kjærleiken er på den ferskaste plata hennar «The Element of Freedom». Her er rett og slett kjærleik i alle kanalar – og på så å sei alle dei 16 songane som følgjer med på platekjøpet.

Det er ikkje dét – gullstrupen syng framleis like bra som tidlegare. Du må berre ikkje høyre så veldig nøye på tekstane hennar, for dei ulike songane er eigentleg berre ulike måtar å sei at ho er forelska, har kjærleikssorg, vil vere forelska, eller saknar nokon. Og er ho ikkje forelska sjølv, så dediserer ho via «Distance and Time» ein heil song til andre som måtte vere skild i frå kjærastane sine. Det vert litt for mykje kliss. Sånn. Det sagt:

Om ein ikkje er ute etter djupe tekstar, så har plata absolutt sine gode kvalitetar. Saman med Beyoncé Knowles har ho laga ein taktfast, kort og fiffig liten sak kalla «Put It In a Love Song» (sjølvsagt). «Try Sleeping With a Broken Heart» er som støypt for radioformatet: Fengjande, kjensleladd og godt sunge. «Empire State of Mind, Pt. 2» er ein hit eg tippar passar god til fjernsynet eller kinolerretet.

Det er ingen songar som er direkte dårlege (vel, ok, songen om at ho heller vil klemme kjærasten enn puta i senga er dropen som får klisjébegeret til å renne over). Alle er varierte, flesteparten med ein god rytme til å trampe attåt, og alle er godt gjennomført av artisten sjølv. Men akk. Den kjærleiken, den kjærleiken. Han har ein tendens til å overskyggje alt. Òg plata til Alicia Keys.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR