Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
  Omtalar
  Notisar
  Baksida
  Sport
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Pony the Pirate


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
MUSIKKOMTALER
«This is our Psychopedia!» (Sony Music)

Karakter: B

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Etterlengta. Heilt sidan første gong eg såg Pony the Pirate spele live, har eg sikra meg alle songane som det i det heiletatt var mogleg å spore opp på nettet. Dei kjappe rytmane, det enorme åttemannsbandet, det positive lydbiletet og dei fengande melodiane glei kjapt inn blant samlinga mi av favorittar: Eg ville ha meir, meir! Difor var det berre fire nye songar for meg å hente på «This is our Psychopedia!». Jamvel har dette vore ei etterlengta plate.

Joakim Johannessen syng jamt over utruleg bra og koringa frå dei andre i bandet gjer at samtlege av songane har særs høgt allsongpotensiale. Songane har gode knaggar som tek deg heilt frå innleiinga av melodiane, og bandet brukar aldri lang tid for å køyre i gong heile maskineriet på høggir. Heile vegen er det musikalsk krydder som saksofon, steel pedal og andre fiffige lydpåverkarar som snik seg inn.

Sjølv om eg likar tempoet dei har festa til flesteparten av spora, er det likevel duoen som skil seg mest ut frå dette mønsteret som har vorte favorittar: «Treetop» og «The Sun». Førstnemnde det næraste ein kjem ei ballade på denne debutplata – nydeleg og sart. Den andre: Roleg – men byggjer seg sterkare og sterkare utover songen. På begge desse vågar piratane å forflytte seg litt utanfor det dei vanlegvis gjer. Elles tek eg meg sjølv i å tenkje at «777» lett kunne ha vorte ein utruleg fin ballade, om dei berre hadde sakka litt på tempoet.

Pony the Pirate er absolutt stilsikre på debutplata deira. Jamvel skulle eg ønskje åttemannsbandet klarte å vere litt meir eksperimentelle. Høyrer ein plata under eitt forstår du kjapt at her eit fastspikra mønster: Kjapp intro, eit kort, kjapt og fengjande refreng, koring og gitarar. Og sånn går det vidare. Med så mange kreative musikarar er eg sikker på at gjengen hadde klart å vere endå litt meir eksperimentelle.

Ifølgje kritikarar flest går det ikkje an å nemne Pony the Pirate utan å nemne Arcade Fire. Kanskje ikkje – men dette åttarbandet er no likare 'lell. Litt meir tid i studio er einaste som skal til for at bandet slår ut i full blom.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE ANMELDINGAR