Dyster, men fin. Slik kan den ferskaste plata til Ingrid Olava best skildrast. Dei elleve ferske songane held alle ein jamn Olava-kvalitet: God songrøyst akkompagnert med pianospel frå artisten. På enkeltspor har ho òg fått hjelp frå strykarar, slik som ho gjorde på debut-singelen «Only Just Begun». Dette, kombinert med eit mindre pop-ete preg enn førsteplata «Juliet's Wishes», gjer at ho forankrar seg endå meir som sjølvstendig artist i jazzmiljøet. Tida då ho berre var korist for Madrugada kjennest fjern.
Sjølv om tverrsnittet av songane til Olava ikkje har vore up-tempo radiohitar, er denne plata hakket dystrare enn tidlegare. Musikalsk melankoli kan vere bra, men i dette tilfellet har det tatt litt over. Fleire av songane brukar ein del tid før dei finaste partia dukkar opp og umiddelbart merkar eg meg berre eit par songar som potensielle radiohitar: «Love, Oh Love», «The Sun», «I Was Wrong» og allereie mykje spelte «Warrior Song».
Men så er det heller ikkje dei mest polerte popliste-toppane platemakaren siktar seg inn mot: Mange av songane vil for musikarar og musikkelskarar vekse seg større og større. Kvifor? Fordi her er mykje musikalsk snadder. Her er, som tidlegare nemnd, strykarar. På «The Queen» snik det seg inn saksofon, på ein annan afrikanske trommer (det høyrest i alle fall slik ut). Eit orkester i bakgrunnen som startar varsamt, men med aukande volum og intensitet, gjer at fleire av songane framstår som store verk. Overgangane utover i spora er gjennomførde på ein god måte. Ein trur på artisten når mest all anna musikk forsvinn, og røysta hennar står åleine, sårbar og rein.
Andreplata til Olava er døypt «The Guest», men verket hennar stadfestar at ho for alvor er meir enn berre ein gjest i Musikk-Noreg. Jamvel saknar eg litt av den draumande, men positivt innstilte romantikaren Olava viste på førsteplata. Litt meir dur, litt mindre moll. Og meir up-tempo-songar. Ho meistrer desse så inderleg godt – det gjer meg grådig på meir av sorten. Men alt i alt, dette ei plate som fortener mange gjennomhøyringar i spelaren.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.