– Hvor var dere for hundreogfemti år siden, da Ibsen trengte dere?! Black Debbath står på Hulescenen, og Henrik Ibsen er tema i rockegrotta.
– Er vi den første statsmakt? NEI, brøler publikum. Heller ikkje den andre, tredje eller fjerde. Men på spørsmål om den femte, blandes koret av NEI-brøl med fleire JA. Den sjølvoppnemnte femte statsmakt, meiner det ikkje held med fire statsmakter i et demokrati.
Vindmaskinen får det lange håret til vokalist Lars Lønning til å stritte i alle retningar, og på brystet glimtar patroner i belte. Konserten er utseld, og publikummet som har fått billett, tramper, hopper og skriker, så heile opplevinga blir til eit samansurium av vill energi.
Black Debbath gjer ut plate på eiget selskap, Duplex Records, og medlemmane har ei lang og velskriven rockehistorie i ryggsekken. Dei drivne rockarane frå austlandet, held samtala med publikum i gong frå byrjing til slutt. Eit energisk stunt spekka med humor, masse fjas og ein del synsing om tilstanden til demokratiet. Dei besøkande blir losa igjennom rockequiz med utallige kategoriar, og spørsmåla haglar etter at publikum får beskjed om å dele seg inn i grupper på maks fem personar.
Forutan å kunne skimte med ei gullrekke av tunge norske rockelåtar, er repertoaret spekka med humor. Rikssynsarane opphevar Ibsen til å bli ein del av Black Debbath. Sceneshowet glitrar, og igjennom låter som ”Ibsens møbler” viser bandet fram den norske avisdebatten med svært mange innlegg. Odd Nordstoga var ein av fleire personlegdomar som vitja Lars Lønning og Hulen for å introdusere nye låtar. Den humoristiske gruppa utøver sin statsmakt frå scena, og leverer svært gode konsertar til demokratiet
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.