– Me vil flytte fokus frå produkt til innsats og menneskene som står bak, først og fremst i Bergen. Me vil framstille folk sine ukjente sider. Me er ikkje eit aktualitetsmagasin, og det er dette som skil oss frå andre nettmagasin. Me vil ikkje høyre om den nye plata til Lars Vaular, men om mannen bak låtane, seier Stine Fantoft Berg og redaktør Maren Stette Mosaker.
Førebels er det berre dei to studentane som skal drive nettstaden, og arbeidsdelinga er fastsatt.
– Eg står meir for den kreative delen og psyko-greiene, medan Stine er flink med foto og dei tekniske sidene. Me utfyller kvarandre, meinar Stette Mosaker.
Dei to jentene bak nettmagasinet drøymer om å ein dag få magasinet sitt ut i papirform, men trur det blir nok å henge fingrane i til hausten.
– Me vil gjerne ha magasinet i papirform seinare, det er jo noko anna å ta i eit magasin og lukte blekket. Dette blir på sida av studiet, så det kjem til å ta nok av fritida vår, men dette er draumen vår, seier Berg.
Professor i medievitenskap ved UiB, Helge Østbye, meiner magasin ikkje har hatt den same utviklinga som avisa.
– Magasin har ikkje gått over på nett på same måte som avisa. Magasina er meir konservative og legg ikkje ut stoff like ofte som avisene, seier Østbye.
Professoren meiner folk har inngrodde medievanar og at det derfor er vanskelegare å introdusere nettenester som dei ikkje er vande med.
– Det er ein tøff marknad. Magasina må lage stoff folk ikkje kan skaffe seg andre stadar, og det er begrensa kva folk er villige til å betale for desse tenestene, meiner professoren.
Birthe Skotheim, redaktør i nettmagasinet UPOP, meiner dei tre viktigaste sidene ved å lansere på nett er økonomi, målgruppe og innhald.
– Det krev mykje mindre kapital, yngre folk brukar meir Internett og ein kan oppdatere innhaldet jamnleg, seier Skotheim.
Ho har trua på at dei tidlause sakene som «FIN» skal skrive om kan bli ein hit.
– Tidlause saker som ein tidlegare gjerne forbatt med aviser kan nok slå an. Det er ei naturleg utvikling at skilje mellom papir og nett blir mindre, meiner ho, og har klare tips til dei framtidige redaktørane i «FIN»:
– Internett har ingen deadline så det er ein evig runddans, og dette krev mykje tid og energi. Ein må prioritere og klare å lage kvar side skikkeleg, seier Skotheim.
Situasjonen i UPOP er for tida usikker etter at ein av hovudaktørane gir seg, men Skotheim håpar at dei framleis vil kunne drive sida vidare.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.