Frå 2000 til 2010 auka tida ein bruker på å lese bøker med fire prosent. I same tidsrom auka antall bokutgivelsar med 29 prosent. Charlotte Kirkebø Riise, som nettopp har kome ut med si første diktsamling, syns likevel ikkje det er for mange forfattarar.
– Da kan jo ein byrje å seie at det er for mange musikarar, biletekunstnarar og filmskaparar. Dei som vil skrive, skriv, og nokre er heldige og får gi ut bok, seier Charlotte Kirkebø Riise, bokdebutant og student.
Frode Helmich Pedersen, førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, meinar det er både bra og dårlig at det er mange som gir ut bøker.
– På ein måte gjer dette at fleire får ut stemmene sine, men på den andre sida så vil kvar og ein få mindre merksemd, og dette gjer at dei verkeleg gode forfattarane får færre lesarar, meinar han.
Helmich Pedersen får støtte av forfattar Terje Holtet Larsen.
– Det blir jo gitt ut langt fleire bøker enn det marknaden, apparatet og befolkingen kan ta i mot, meinar Holtet Larsen, som meinar løysinga er brutal:
– Ein må gi ut mindre bøker. Det er mange bøker som forsvinn, fordi dei ikkje får det store gjennombrotet, seier han.
Helmich Pedersen meinar at norsk kulturpolitikk med innkjøpsordninga fremjar norske forfattarar for mykje, og at dette gjer at me får ein unaturleg stor forfattarstand.
– Forlaga er blitt ganske proffe, og det er sjeldan me les ei bok som er håplaus. Likevel meinar eg det er mange intetsigande bøker. Eg meinar det er eit større problem enn det forfattarane og forlaga seier, fortel førsteamanuensisen.
Bokdebutant Kirkebø Riise er ueinig med Helmich Pedersen.
– Innkjøpsordninga gir ein økonomisk garanti slik at det går an å leve av å skrive, og det er nødvendig, seier den unge bokdebutanten.
Forfattar Holtet Larsen trur innkjøpsordninga er delar av årsaka til den store forfattarstanden.
– Eg hørte ein gong at Noreg har fleire forfattarar enn Frankrike. Eg trur innkjøpsordninga er ein del av forklaringen. Det er for mange bøker i Noreg, det er det ingen tvil om, meinar forfattaren.
Helmich Pedersen meinar det kan vere vanskeleg for debutantane å markere seg.
– Det går ofte på forhåndsomtalar om bøker blir kritisert og får merksemd. Likevel trur eg svaret er ganske enkelt, og det er kvalitet, meinar han.
Seksjonsleiar for litteratur i Norsk Kulturråd, Mari Finess, forklarer at dei prøver å nå ut til så mange som mogleg.
– Å debutere med ei bok kan vere både ei stor glede – dersom ein får gode anmeldingar, og ein stor skuffelse viss ein ikkje blir anmeldt i det heile tatt, seier seksjonsleiaren.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.