Mest aktive brukere »

Kultur.

15 år med kvinner i fokus

TILBAKE PÅ SCENEN. Tone Midtgaard og Octavia Sperati spelte reunionskonsert i anledning AKKS sitt jubileum. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

I høst feirar AKKS Bergen jubileum med konsertar på Garage. - Det er viktig å gi jenter eit ekstra dytt, sier Inger Arntzen.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 09.11.10 kl. 21.06

AKKS er ein organisasjon som jobbar for å rekruttere og motivere kvinner inn i musikkmiljøet. Inger Arntzen, representant for AKKS-avdelingen i Bergen, meinar menn ikkje treng slike organisasjonar.

– Det er allereie mange gutar som spelar i band, mens jenter har ofte mangel på forbilde og dårlig sjølvtillit. Det er viktig å gi jenter eit ekstra dytt, seier Arntzen.

Representanten meinar jentene må bryte med tradisjonar.

– Det typiske er at jenter går på vokal, men me vil også ha dei inn på jazz. Det er spesielt bra å sjå jenter som spelar instrument.

AKKS arrangerar også samspillkurs i høst. Der blir kursdeltakarane satt saman i band etter musikksmak og nivå, og lærar å spele saman som eit band. Etter kurset avsluttar dei med konsert på Garage.

– Å få vise seg på ei profesjonell scene er veldig miljøskapande. Og det er ein fin rekrutteringsarena, seier Tone Midtgaard, dagleg leiar i AKKS Bergen.

Blir sett i bås

Midtgaard spelar også i bandet Octavia Sperati som stod på Garage-scena under jubileet, og meinar det er ganske greitt å være kvinne i musikkbransjen.

– Me starta opp hos AKKS, og når me hadde etablert oss tok Bergen veldig godt i mot oss. Men det er ein vanskeleg veg å gå, seier Midtgaard.

Ho meinar det er forskjell på korleis mannlege og kvinnelege band blir oppfatta.

– Me får alltid spørsmål om korleis det er å være kvinne i band. Me er ikkje kvinnelege, me er musikarar. Men eg trur publikum høyrer kva som er god musikk, og det er mest i pressa det er fokus på kjønn, meinar Midtgaard.

– Ein guttegreie

Christopher Zibell, trommis i Krakow og kursholdar for AKKS, meinar organisasjonen er viktig for både jenter og gutar.

– Det er jo ei guttegreie å spele i band. så det er bra at jenter kan ta kontakt og bli sett saman med andre jenter som også vil spele i band. Men det er også ein plass å skape nettverk for gutar, seier Zibell.

Trommisen skjønnar at jenter reagerar på å bli sett i bås som jenteband, og trur at den statistiske forskjellen ligg i sjangeren som band representerar.

– Det virkar som det er mindre jenter som er interessert å spele i band enn det gutar er. Det er ikkje alle som likar å spele rock, seier Zibell.

AKKS-jubileum
  • Torsdag 4. november var det konsert med frontvokalistelevar og band som øver i øvingslokala på Verftet, deriblant Cardboard Cherries, Bondegaard, Syberia og Devastate of Mind.
  • Fredag 5. november var det konsert på Garage med band som Octavia Sperati, Sissy Wish, The Betties og Fairy.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.