Antikvaren AS har aldri hatt ein fysisk butikk, men har selt bøker via internett sidan år 2000. 16. oktober byrja dei med stort opphørssal av bøkene i det framtidige Litteraturhuset i Bergen.
– Samlarane har blitt færre og folk les mindre, seier Skanding.
Randi S. Øgrey, direktør i Bokhandlerforeningen, meinar den fysiske bokhandlaren er best.
– Folk likar å få personleg service, og dette gjeld studentane også. Det at dei kan bla i boka og få den med ein gang betyr mykje, seier Øgrey.
Skanding påpeikar at dei får fleire telefonar av folk som vil kvitte seg med bøker, enn av folk som vil kjøpe, og at det derfor ikkje lengre er lønsamt å drive Antikvaren.
– Bokas tid er ikkje det same som det var. Nye medier tar over, og om 5 år har nok både eg og du lesebrett, seier Skanding.
Rebekka Aanesen, som var til stades under første dag av opphørssalet, syns det er dumt at antikvaren skal leggast ned, men er ikkje heilt einig med Skanding.
– Nei, eg trur ikkje bøker er på veg ut, men eg trur det blir fleire alternativ. Uansett er det ikkje det same å lese på ein skjerm som i ei bok, seier Aanesen.
Øgrey er klar over at bokbransjen er i ei kjempestor endring, men seier det er viktig å ha prioriteringane i orden.
-Så lenge ein alltid har lesing i fokus, kjem boka til å ha ei lysande framtid. Folk har aldri lest meir eller kjøpt fleire bøker, så det er litt rart å sei at boka er død, seier Øgrey.
Direktøren meinar boka står sterkare enn nokon gong og at forklaringa er ganske enkel.
– Du har ein enormt god tilgjengelegheit og prisklassar som passar for alle. Kampanjar som ein kan finne hos dei fleste bokhandlarar gjer at folk kan gjere gode kjøp, seier Øgrey.
Den daglege leiaren av Antikvaren trur at mange ikkje eingang veit kva eit antikvariat er, men har bodskapen klar:
– Studentar må bli flinkare til å bruke antikvarar til å få seg billige bøker. Her kan dei få ei bok til ein fjerdedel av prisen, det er det nok mange som ikkje veit, seier Skanding.
Aanesen seier ho aldri har brukt internett til å skaffe seg bøker, men hadde brukt det hadde ho visst om prisforskjellen.
– Eg handlar ikkje bøker på nett, berre hjå bokhandlarar. Dersom eg hadde visst at det var billigare å handle hjå eit antikvariat hadde eg nok gjort det, seier studenten.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.