Då Kaizers skulle gi ut sin nye singel «Hjerteknuser», valte dei å først arrangere ein konkurranse der andre musikere fekk gjere eit forsøk på å spele inn låten. Vokalist Janove Ottesen er nøgd med resultatet.
– Det gjekk over all forventning. Over 100 bidrag og mange forskjellige sjangere. Og det er mogleg at mange likar andre versjonar betre enn vår eigen, så då kan man vel kalle det en suksess?
Planen er at det skal komme ut tre Kaizers-plater dei neste to åra og «Hjerteknuser» er ein av 30 låtar som kjem ut på trilogien deira.
– Det blir ei lang forteljing og alle låtane skaper ein stor historie, seier Ottesen, som også skal skrive musikk til Kaizersteaterstykket «Sonny» som kjem neste haust.
Ein trend blant mange av dei mindre bergensbanda er at dei har blitt invitert til by:Larm 2011, men ikkje alle er like glade for det.
– Eg veit ikkje heilt kva dei andre i bandet syns, men eg gler meg ikkje i det heile tatt. Eg må jo dra til Oslo og det er den verste drittbyen av alle. Mest på grunn av kokainhovuder som knuser flasker over alt, seier bandmedlem i Young Dreams, Njål Paulsberg.
Eit bergensband som ser fram til by:Larm er Lovecult. Av 1500 innsendte var bandet eit av dei 57 som blei plukka ut som demoartistar.
– Me gledar oss til å være med. Me jobbar såklart for å gi ut ei plate, men det største no er å spele på by:Larm i februar, fortel Lovecult-vokalist Tove Giskeødegård.
Bloody Beach håpar arrangementet vil skaffe dei fleire spelejobbar i framtida.
– Me synest det er fett å bli valt ut til by:Larm. Det kjem til å bli energiske opptredenar som folk kjem til å snakke om i åra framover, seier bandmedlem Chris Holm.
Musikkprodusent Mikal Telle syns det er flott at så mange bergensgrupper er aktive.
– Eg syns det er spennande med dei nye som er kome til. Eg merkar at mange band er påverka av eldre musikk og ikkje alltid det som er nytt.
Andre opptekne bergensband som er mellom anna John Olav Nilsen & Gjengen, som er i gang med innspeling av ny plate og Fjorden Baby! som er aktuelle med sin nye singel «Rendezvous».
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.