Mest aktive brukere »

Kultur.

Bit for bit

TILBAKE I REGNET. Ruben Sverre Gjertsen, som blir kalla «Norges fremste komponist», har kommet hjem til Bergen for å spille inn CD sammen med BIT20 Ensemble. Foto: JIN SIGVE MÆLAND

Komponist Ruben Sverre Gjertsen er snart klar med sin andre CD i kategorien samtidsmusikk. Den første ga ham Spellemannsprisen.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 11.10.10 kl. 10.31

Gjertsen, som har komponert sidan han var 11 år, synest det fall han naturleg å byrje på komposisjonsutdanninga ved Griegakademiet. Etter to år i Berlin, er han no tilbake til Bergen for å spele inn plate saman med BIT20 Ensemble.

Samtidas beste

Geir Rege, informasjonsansvarleg for BIT20 Ensemble, er stolt av å få spele inn plate med mannen han kallar Noregs fremste komponist innanfor sin tidsalder.

– Han gjer sin eigen greie, eg vil karakterisere han som ein kompromisslaus komponist med humor, humrar Rege.

Rege håpar at dei får meir oppmerksemd etter plateinnspelinga med Gjertsen.

– Sidan Gjertsen er i vinden håpar me fleire vil høyre på oss, seier han.

Lang prosess

Frå Gjertsen skreiv bestillinga for BIT20, til innspelinga kunne byrje, tok det heile fem år.

– Eg hadde jo andre prosjekt og, men det er det lengste og vanskelegaste stykke eg har skreve, meinar komponisten.

Gjertsens forrige CD, «Grains», gav han Spellemannsprisen. Sjølv synest han dette kom som ei stor overrasking.

– Eg prøvde ikkje å vinne Spellemannsprisen, det er slike positive overraskelser som kjem. Det viktige for meg var å gi ut ei god plate.. Det er ei flott anerkjenning, no er jo det fleire som spør etter musikken min, seier komponisten.

– Ein kunstnerisk profil

Morten Eide Pedersen, ansvarlig for komposisjonsutdanninga på Griegakademiet, synest det er bra at Gjertsen gir ut fleire album.

– Det gir ein dokumentasjon for kva han står for. Det er bra å vere i omløp med den kommersielle sonen og, seier Eide Pedersen.

Pedersen, som har vore læraren til Gjertsen sidan 1996, synest det er flott at komponisten kjem tilbake til Bergen etter to år i utlandet.

– Det betyr at me kan sende folk ut og likevel få dei tilbake, seier Pedersen.

BIT20 Ensemble
  • Blei oppretta i 1989 og er eit av Noreg sine største ensemble innan samtidsmusikk.
  • Består av 15-16 musikarar og har base i Bergen.
  • Skal no spele inn plate med Ruben Sverre Gjertsen.
  • Har medverka til 23 plateinnspelingar.
  • Har spelt på fleire sentrale internasjonale arena som Ultima, Borealis og Ilios.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.