– Eg har aldri opplevd å bli diskriminert når eg går ut. Nokre ganger har eg ikkje alltid følt meg velkommen fordi eg snakkar eit anna språk, men aldri på grunn av hudfargen min, seier Daniel Kipo, som tek master i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB.
Torsdag 7. oktober var det duka for debatt på Kvarteret om utelivsdiskriminering. Det blei blant anna vist eit innslag frå NRK-programmet Migrapolis, der ein fekk sjå at tre mørkhuda vart nekta inngang på nokre av utestadane i Oslo, medan kvite Migrapolis-hjelparar fekk gå rett inn.
Under sjølve debatten kunne representant for den gambiske organisasjonen i Bergen, Omar Faal, fortelle at han og hans kameratar hadde blitt nekta inngang på ein utestad her i byen fordi andre mørkhuda hadde laga bråk helga før.
Likestillings- og diskrimineringsombod, Sunniva Ørstavik, meinar det viktig å sette utelivsdiskriminering på dagsorden og få gjort noko med det, dersom det er eit problem.
– Det er viktig at det er eit uteliv for alle. No reiser me rundt i fleire store byar og tar opp problemet. Det er ikkje det at dette er spesielt for Bergen, for det veit me ikkje, seier Ørstavik.
– Alle er like
Daniel Kipo meinar at folk kanskje blir meir diskriminert i hovudstaden fordi det er ein større by enn Bergen.
– Oslo er større og har fleire nasjonalitetar, og når desse samlast blir det ofte eit problem. Bergen er mindre og folk er meir opne for fleire kulturar, seier Kipo.
Sjølv om studenten, som har utanlands opprinning, ikkje har opplevd å bli diskriminert av utestadar, meinar han det likevel er viktig å skape forståing mellom kulturar.
– Eg har opplevd at folk ikkje snakkar til meg når eg er ute, utan at eg veit kvifor. Det er viktig at folk er klar over at vi alle er menneske, og at alle er like, uansett korleis hudfarge dei har, seier masterstudenten.
Skjulte sider
Berit Bentzrud, styremedlem i NHO Reiseliv, som er arbeidsgjevar til nokre av utestadane i Bergen, meinar det ikkje er noko klima for diskriminering i Bergen.
– Me opplev ikkje dette som eit stort problem i Bergen. Det er likevel ikkje til å stikka under stol at dette kanskje skjer, og då vil me i såfall vere med å rette det opp, seier Bentzrud.
Ørstavik meinar det viktigaste er å erkjenne at diskriminering kan vere eit problem, og ikkje stikke hovudet i sanden.
– Noko av det som har kome fram, er at det er vanskelig å sei i frå. Det er vanskelig å bevise at det har blitt gjort. Det er eit stort og vanskelig problem. Me går mot eit multikulturelt samfunn, mens nokre motkrefter lagar ei norm der ikkje alle passar inn, meinar likestillings- og diskrimineringsomboden.
Nulltoleranse
Bentzrud seier det er viktig at dei som leiarar går foran og lager gode eksempel. Ho meinar det er viktig å jobbe det inn i kulturen, slik at diskriminering ikkje blir eit spørsmål eingang.
– Me må gå foran og lage ein bedriftskultur som ikkje har aksept for slik. Me opplev så lite av dette, så me har ikkje trengt tiltak, men me vil slå ned på det dersom det skjer, seier styremedlemmet i NHO.
- Byråd for helse og inkludering, Christine B. Meyer
- Politiinspektør Rune Solbakken, leder Sentrum politistasjon Bergen
- Nestleder for Studentparlamentet, Bjørn-Anders Hind
- Styreleder i Vaktvesenet, Helge Andreas Hoff
- Regionleder i Norges Handikapforbund Sørvest, Anne Berit Kolås
- Medlem av den gambiske organisasjonen i Bergen, Omar Faal
- Styremedlem i NHO reiseliv, Berit Benztrud
- Likestillings- og diskrimineringsombud, Sunniva Ørstavik
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.