– Eg var ein veldig aktiv, energisk student dei første åra og tok faga raskt og greitt. Deretter var eg særs aktiv i politisk verksemd, og hadde to år pause frå studiane. Likevel blei eg ferdig på fem år, fordi magistergraden var veldig fri, så eg kunne disponere tida slik det passa meg.
– Det var fridommen ein fekk, samanlikna med vidaregåande skule, og mogelegheita til å fordjupe seg i det ein var mest interessert i. Eg kom til Oslo då studenttalet var i rask auke, og kom til eit mykje større og meir aktivt miljø enn eg var vant med frå tidlegare.
– Eg var veldig politisk aktiv, også då eg studerte mest intenst, i første del av graden min. Eg var formann i Sosialistisk Ungdomsforbund, og seinare i Det norske Studentersamfunn. I siste del av studietida gjekk eg ut av politikken. Eg gifta meg i 1969 og fekk barn siste halvår av studiet. Mykje fritid var det ikkje.
– Den har forma livet mitt, det kan ikkje seiast på nokon annan måte. Eg er odelsgut frå gard på Helgeland, så eg skulle etter tradisjonen blitt bonde. Men eg vart tidleg meir interessert i bøker enn å mjølke kyr. Takka vere at foreldra mine tok seg råd til å finansiere vidaregåande, og at eg fekk lån gjennom Statens Lånekasse blei det mogeleg å studere. Elles ville eg nok vore pensjonert mjølkebonde i dag.
– Det ville langt på veg ha blitt det same, statsvitskap eller sosiologi. Under dagens forhold ville eg lagt vekt på å få eit utanlandsopphald. Truleg ville eg reist til eit engelskspråkleg land. Som professor har eg vore i Canada, USA og Australia, men allreie den gongen fascinerte Berkeley i California, så det det ville vore ein aktuell kandidat.
– At ein ikkje har eksamenspresset hengande over seg heile tida. Også den faglege tryggleiken det gir å ha gjennomført eit studie. Dess meir du veit, dess meir oppdagar du at du ikkje veit. Ein får ei fagleg tyngde, men også fagleg audmjukheit.
– Å du verden, det trur eg ikkje det er lett å setje ord på. Å forstå alt ein ikkje veit, og dermed vere mindre skråsikker. Samfunnsvitskapen er mitt felt, og dess meir erfaring ein får med ulike delar av samfunnslivet, dess lettare er det å få ei fagleg forståing av samfunnet.
I «Utstudert» snakker vi kvar veke med profilerte personar om studietida og livet etterpå.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.