Mest aktive brukere »

Kultur.

Den evige student

PÅ SCENA: Agnete Håland på Småscenen der «LUGHNASA - ein irsk sommardans» av Brian Friel går i desse dagar. Foto: JIN SIGVE MÆLAND

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 15.02.12 kl. 01.04
Kva slags type student var du?

– Eg var ein veldig aktiv student. Eg var leiar for studentutvalet på Det humanistiske fakultet. Eg jobba som skodespelar også. Eg var veldig sosial, men eg var eigentleg berre student i eit år, fordi eg jobba mesteparten av tida.

Kva var det beste med studietida?

– Fridommen. Å kunne studere det ein ville, å strukturere kvardagen og lesinga. Det å kunne definere sin eigen dag. Å sjølv kunne velje, det må ha vore det beste.

Kva gjorde du på fritida?

– Då var eg student, sånn som alle andre. Me loka rundt. Eg dreiv med teater då og, så det var vel kanskje litt overskuggande. Men eg gjekk også i demonstrasjonstog og var politisk aktiv. Så «hang eg med venner», som ungane ville sagt det.

Kor stor betyding har utdanninga di hatt?

– Eg lærte meg mykje metode. Det å jobbe og kunne strukturere sitt eige arbeid. Utdanninga mi avgjorde ikkje kva jobb eg fekk. Innanfor teater er det ingen som spør etter karakterar. Men gjennom utdanning lærte eg arbeidsdisiplin, å finne kjelder og finne stoff. Eg studerte ikkje for å få meg jobb, eg studerte det som interesserte meg.

Dersom du skulle valt på nytt, kva ville du studert i dag?

– Eg er veldig nøgd med livsvalet mitt. Eg vil aldri bytte ut det å jobbe med teater. Men dersom eg skulle valt eit anna yrke, måtte det ha blitt noko innan utanrikspolitikk. Far min sa alltid; «innanriks bestemmer korleis me skal leve, utanriks bestemmer om du skal leve».

Kva var det beste med å vere ferdig som student?

– Eg har aldri blitt ferdig. Eg tok eksamen ved BI for eit par år sidan. Eg har trua på livslang læring. Eg tok eksamen i juss for nokre år tilbake fordi det var noko eg trengte, sidan eg syns det er gøy å vere leiar. Eg har ikkje som mål å bli ferdig.

Kva har du lært sidan studietida, som du gjerne skulle visst da?

– Kanskje eg skulle ha jobba mindre, vore heiltidsstudent. Nei, eg har egentlig ikkje noko godt svar på det. Samtidig er eg glad for at eg jobba, for eg meinar det er då ein lærer.

UTSTUDERT: AGNETE HAALAND
  • Alder: 51 år
  • Utdanning: Cand.phil. som består av historie, folkloristikk og drama, film og teater. Juridisk spesialfag i opphavsrett, kunst, fotografirett og arbeidsrett. Skodespelarutdanning frå England og USA. Har også studert i Austerrike og Tyskland.
  • Noverande yrke: Teatersjef ved Den Nationale Scene.
  • Karriere: Skodespelar, og har sjølv sett opp skodespel i 32 år. Har og jobba mykje i utlandet.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.