Mest aktive brukere »

Kultur.

Desse vil skape balanse i kulturtoppen

KLARE FOR ALT. Solgunn Slåtto, Sigrid Jangaard Strand, Karina Asbjørnsen og Maria Dyrhol Sandvik er klare for utfordringane som framtida bringer og tar gjerne ein leiarstilling i arbeidslivet. Foto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Ein plass mellom studenttida og arbeidslivet fell kvinnene av som leiarar. Av dei kvinnelege leiarane i studentkulturen i Bergen, vil derimot alle ha toppstillingar i framtida.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 31.08.11 kl. 12.18

– Som leiar sjølv i studentkulturen synest eg det er trist at det er så få kvinnelege leiarar i arbeidslivet. Eg møter mange engasjerte kvinner, og skulle ønske mange av dei var meir frampå, seier dagleg leiar på Kvarteret, Sigrid Jangaard Strand.

Leiar for Studentersamfunnet, Maria Dyrhol Sandvik, er ikkje overraska.

– Eg var ikkje klar over at tala var så låge, men eg er ikkje overraska. Dette er problematisk, og det vitnar om at vi har ein lang veg å gå, sjølv om ein skulle tru at me var kome lengre innanfor kulturfeltet, seier Dyrhol Sandvik.

Mannsdominert

Kjønnsrepresentasjonen i studentkulturen er mykje meir likestilt enn kultursektoren i arbeidslivet. Basert på Studvest sitt utval er 40 prosent av leiarane i studentkulturen kvinner, mot 25 prosent i arbeidslivet. Årsakene er derimot forskjellige, meinar organisasjonsleiarane.

– Eg trur mange gode kvinnelege leiarar vel bevisst å ikkje tre inn i ein toppstilling fordi dei vil prioritere familie framfor jobb. Men dersom det er andre faktorar enn individuelle prioriteringar som hindrar kvinner i å bli leiarar, må dette sjølvsagt gjerast noko med, seier ansvarleg redaktør i Bergen Student TV, Karina Asbjørnsen.

Fleire av dei kvinnelege leiarane trur familieforhald er årsak til at kvinnene fell frå leiarstillingar i arbeidslivet.

– Terskelen for kvinneleg leiarskap er ofte høgare og det er vanskeleg å få innpass. Ei av årsakene til dette kan vere at kvinner framleis har hovudansvar heime. Samstundes trur eg at mange kvinner manglar tru på eigne leiarevner, seier Samfunnet-leiaren.

– Treng ein dytt

Hans-Tore Bjerkaas, øvste sjef i NRK, meinar også at kvinner bør vere meir frampå.

– Eg har erfart at det å rekruttere kvinnelege leiarar krev at me må gje dei mykje motivasjon og ofte ein dytt. Jentene er meir usikre på seg sjølv som kvalifiserte leiarar medan menn ofte er mindre sjølvkritiske, seier NRK-sjefen.

Solgunn Slåtto, leiar for Hulen, trur også at kvinner er mindre frampå, men òg at det å vere leiar er ein krevjande jobb.

– Å vere leiar krev mykje av deg, både i jobbsamanhang og privat. Det er ein fulltidsjobb som ikkje berre går frå åtte til fire, det tar mykje av privatlivet ditt også, meinar Slåtto.

Kvarteret-leiaren trur utdanning er årsaka.

– Eg tenkjer kanskje at grunnen har noko med utdanning å gjere. Menn har ofte lengre utdanning, dette merkar eg gjerne på mange masterstudiar, der det ofte er ei overvekt av menn, forklarar Jangaard Strand.

– Kan ikkje vere perfekt

Elisabeth Halvorsen, administrerande direktør for Bergen Kino, veit ikkje kva som er årsaka til at det er få kvinnelege leirarar, men håpar det blir fleire i framtida.

– Dette er ei utvikling som tar tid, men det virkar som det skjer ein avskaling frå studenttida. Det er framleis eit stykke igjen til likestilling. Ifølgje media kan det verke som om kvinner vegrar seg for toppstillingar fordi det er krevjande i forhald til familie. Men når ein mann kan gjere det, skal vi kvinner også kunne gjere det, seier ho.

Halvorsen, som har jobba seg oppover for å komme seg dit ho er, meinar at alt er mogleg dersom ein prioriterar riktig.

– Ein må hugse at ein ikkje kan vere perfekt i alle øvingar. Ein må klare å sei nei til noko å gjere det med verdas beste samvit, det er ikkje mogleg å hengje med på alt, seier Halvorsen.

– Kvalifikasjonar viktigast

Sjølv om dei kvinnelege organisasjonsleiarane meinar kvotering i arbeidslivet har positive trekk, meinar dei likevel at kvalifikasjonar er enda viktigare.

– Eg meinar at den best kvalifiserte til jobben bør få den, uavhengig av kjønn. Personlig hadde eg tatt det som ei fornærming dersom eg hadde fått ein jobb fordi eg var kvinne, og ikkje best kvalifisert, seier Asbjørnsen.

Alle dei fire studentane vil gjerne sjølv ha leiarrollar i framtida.

– Eg vil gjerne jobbe som leiar seinare i arbeidslivet, men det kjem jo an på om moglegheita byr seg. Det er morosamt med utfordringar og eg likar å bidra med det eg er god på. Ein vil jo gjerne vere eit godt forbilete sjølv, seier Strand og får støtte av dei tre andre kvinnelege leiarane.

 

– Endringen er på vei

Forskjellige prioriteringer både hos bedrifter og kvinnene selv, mener samfunnsforsker er årsaken til at kvinner faller fra lederroller etter studietiden.

Tekst: ERIK LØNNE

– Det er et stort spørsmål hvorfor de kvinnelige lederne faller fra, og det har sannsynligvis ikke bare ett svar, sier Vibeke Heidenreich, stipendiat ved Institutt for samfunnsforskning, før hun fortsetter:

– Det er rart, synes jeg, at kvinnene faller fra. Jeg vil heller ikke tro at det har noe med at kvinnene mister lysten på de høyeste posisjonene eller at de har noen som helst mindre kompetanse enn sitt rivaliserende kjønn.

Det som kan være noe av grunnen, ifølge Heidenreich, er at bedrifter i arbeidslivet og kvinnene selv prioriterer noe forskjellig når nye ledere skal ansettes.

– Etter studietiden kan det være at flere kvinner prioriterer familie og noe mindre karriere, og det er heller ikke umulig at bedriftene som skal ansette lederne også har dette med i vurderingen.

På spørsmål om samfunnsforskeren tror trenden er i endring er svaret positivt.

– Bare se på utdanningsinstitusjonene og bedrifter flere steder i landet. Ofte ser en at det er flere kvinner enn menn i lederrollene òg i visse utdanninger. Jeg kan ikke annet enn å tro at det blir endringer å se i årene fremover, sier Heidenreich.

KJØNNSFORDELING BLANT LEIARAR I STUDENTKULTUREN I BERGEN

Kvarteret: Sigrid Jangaard Strand
Hulen: Solgunn Slåtto
Studentersamfunnet: Maria Dyrhol Sandvik
Immaturus: John Magnus Dahl
Bergen Filmklubb: Kristian Fyllingsnes
ASF: Jon Hågan Fjelland
RF: Vegard Tryti
Studvest: Anders Jakobsen
BSTV: Karina Asbjørnsen
SRiB: Andreas Roaldsnes

Utvalet er basert på dei største studentorganiasjonane i Bergen, som ikkje er tilknytta nokon utdanningsstad.


KJØNNSFORDELING BLANT KULTURLEIARAR I ARBEIDSLIVET

Bergen Live: Frank Nes
DNS: Bjarte Hjelmeland (fra 1.1.2012: Agnete Haaland)
Aschehoug: Kari Anne Haugen
Bergen Kino: Elisabeth Halvorsen
Litteraturhuset i Oslo: Aslak Sira Myhre
Litteraturhuset i Bergen: Kristin Helle-Valle
Den Norske Opera: Tom Remlov
Stageway: Arne Svare
Dagbladet: Lars Helle
Radio Norge: Kristoffer Vangen
NRK: Hans-Tore Bjerkaas
Nasjonaltheateret: Hanne Tømta
BRAK: Jørgen Skauge
NFI: Kristenn Einarsson
Universal Music: Kjell Petter Askersrud
SF Norge: Guttorm Persson

Utvalet er basert på tilfeldige kulturorganiasasjonar og skal inkludere musikk, film, litteratur, teater og media.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.