Mest aktive brukere »

Kultur.

Det vanskelege andrealbumet

STORMFULLE HØGDER. Vel vitande om at fallhøgda er stor etter det kritikarroste debutalbumet, inviterte Fjorden Baby! til pressekonferanse og felles bildetaking på taket av Hotell Neptun. – Vi er sikre på det vi har gjort, seier dei om den nye plata «Se Deg Rundt I Rommet». Foto: ANDERS HELGERUD

Fjorden Baby! slepp i desse dagar plate nummer to. I høve oppfølgjaren inviterte bandet til pressekonferanse.

SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 09.03.11 kl. 00.09

– Vi er stolte av albumet, dette er noko vi har arbeidd med lenge.

Fjorden Baby! har invitert til pressekonferanse på Hotell Neptun. Fleire pressefolk har møtt opp til seansen. Framme sit dei fire bandmedlemmane. Og umiddelbart kjem då også spørsmålet opp: Kvifor har dei kalla inn til pressekonferanse?

– Vi gjer ting som vi sjølv vil, og vi trur på fridom, menneske og individet. Dette er vår form for ting. Skjønner du?

Vokalist Sturle Kvilekval snakkar mot salen. Ikkje like tilstadeverande som under konsertane til Fjorden Baby!, men like fullt vaken nok til at han er kar for sine ord.

– Vi hadde rett og slett lyst til å oppleve det, tilføyer Nam Phoung Nguyen, keyboardist i bandet.

– Og det er fint at den same informasjonen kjem ut til alle.

Lang veg fram

Ganske nøyaktig to år er gått sidan Fjorden Baby! slapp debutalbumet med same namn. Vegen fram til der dei er idag, har absolutt ikkje vore kort. Dei kjem frå høgblokkene i forstaden Loddefjord, var lenge ein del av undergrunnen og har på sett og vis vore outsiderar. Derfor presiserer Kvilekval at suksessen med førstealbumet ikkje har påverka dei nemneverdig.

– Det har eigentleg berre gitt inspirasjon. Eg hadde aldri trudd at vi skulle få moglegheit til å spele land og strand rundt. Men plutseleg er vi i Tromsø og har konsert. Det følest heilt fantastisk, medgir han, og held fram:

– Ein låt kan redde ein dag. Musikken si kraft er at den kan forsterke ein god dag, eller redde ein dårlig. Slik er det i alle fall for meg, seier vokalisten til bandet med dei til tider smått surrealistiske tekstane.

Føler ikkje press

Album nummer to har fått tittelen «Se Deg Rundt I Rommet».

– Vi er alltid i eit rom. Vi ser oss rundt og oppdagar heile tida noko nytt. Gata er óg eit rom, det er jo ein del av verdsrommet, forklarar Kvilekval.

«Det vanskelege andrealbumet» er velkjend blant musikarar. Det å innfri forventingane etter eit kritikarrost førstealbum viser seg ofte å vere vanskeleg.

– Om det følest bra, så er det bra. Det har vore prinsippet vårt i prosessen med å lage dette albumet, seier Fjorden Baby! til dei frammøtte mediefolka.

– Vi er sikre på det vi har gjort. Musikken vår følgjer ingen formel og denne skamlausheita er vel eit kjenneteikn på musikken vår, samt at den er metroseksuell, utdjupar bassist Kjetil Grimsby Haarr når Studvest får bandet på tomannshand.

– Metroseksuell?

– Ja, eg føler det beskriv musikken vår godt, seier han, utan å ville forklare det meir.

Ubevisst nazireferanse

Albumcoveret er laga av gatekunstnaren Dolk. Ifølgje bandmedlemmane er bildet ein Marilyn Monroe-pastisj over det kjente Andy Warhol-maleriet.

– Dolk gikk amok på Kina-Japan–huset og kjøpte masse maling. «Kom hit, så skal eg gjere noko med trynet ditt», sa han. Plutseleg fekk eg ein parykk på meg, fortel Kvilekval.

Planen var likevel aldri å bruke det som albumcover.

– Men det blei såpass feitt at vi bestemte oss for å bruke det likevel.

Albumet kjem også ut på vinyl. Men det meldte seg tidleg eit problem her. Nam sin blogg «Stein, Saks og Sølvpapir» stod nemleg nemnd på baksida med initiala «SSS».

– Sidan vinylen vart trykt i Tyskland vart det tatt for å vere ei nazireferanse, men det fann vi først ut etterpå. Vinylen blir derfor litt utsatt, fortel Nam og ler.

FJORDEN BABY!
  • Blei danna i påska 2005. Slapp debutalbumet «Fjorden Baby!» i 2009.
  • Består av Sturle Kvilekval (vokal), Nam Phuong Nguyen (synth), Jan Eivind Bertelsen (trommer) og Jan Henning Buen (gitar).
  • Aktuell med album nummer to, «Se Deg Rundt I Rommet».
  • Hadde torsdag 4. mars pressekonferanse på Hotell Neptun.
BILDER

Foto: ANDERS HELGERUD

RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.