Mest aktive brukere »

Kultur.

Drømmefangarane

TOPP STEMNING. Det var ikkje tomt, verken på scena eller i rommet, då Young Dreams spelte konsert laurdag. – Det er dette god popmusikk handlar om, meiner Eirik Kydland, redaktør i musikkmagasinet ENO, om bandet. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

Dei kom nærast ut av ingenting, men vart eit fenomen i løpet av kort tid. Laurdag 22. januar spelte Young Dreams sin første skikkelege konsert i Bergen.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 26.01.11 kl. 01.43

Det var i slutten av september i fjor at Young Dreams vart eit fenomen. Ut av intet dukka dei opp. På Facebook. Idéen med å først lansere seg på dette sosiale mediet vart eit skuleeksempel på tidsriktig marknadsføring.

– Alle er på Facebook, og det er utrulig enkelt å snakke og dele ting. Dermed når vi ut til veldig mange, fortel hovudkompositør Matias Tellez.

– Det er eit godt døme på kor fort ting spreier seg, utan å gjere så mykje for det, tilføyer Njål Paulsberg, den andre talsmannen i Young Dreams.

Nachspiel-band

– Historia om korleis Young Dreams oppstod, har òg fått mykje merksemd. Rykta vil ha det at bandet vart fødd under eit nachspiel på Vamoose. Er dette sant?

– Det stemmer. Men det var ikkje sånn at det var eit nachspiel, det var fleire nachspiel inne i bildet, fortel Matias og Njål.

Dei to hevdar at kvardagen ikkje har forandra seg nemneverdig etter suksessen i kjølvatnet av suksessen.

– Det er som før eigentleg, vi lagar låtar, går på nachspiel, og prøver der å verve fleire medlemmer.

Njål Paulsberg, som trakterer synth i Young Dreams, klarer ikkje heilt å unngå å spøke med antalet medlemmer i bandet.

– Eg plar stå opp, gå på nachspiel og på vegen verve folk til Young Dreams, seier ein spøkande Paulsberg.

Believe the hype?

Young Dreams har blitt den store hypen både i musikk-Bergen og elles i landet. Mellom anna har NRK Lydverket utropt Young Dreams som eit av banda å sjå opp for i 2011. Også internasjonale bloggar og musikkskribentar har via merksemd til dei nye bergensyndlingane.

– Føler de eit visst forventningspress, med tanke på all publisiteten i media?

– Det skumle er presset og forventingane som Lydverket og andre lagar til oss. Vi har ikkje lova noko som helst, det er det media som har gjort, medgir Matias Tellez.

Eirik Kydland, redaktør i musikkmagasinet «ENO», har tru på at Young Dreams kan etablere seg som ein premissleverandør av kvalitetsmusikk.

– Eg kan ikkje anna enn å tru at grunnen til at «rette» og «gale» folk har trykt bandet til sine bryst, er at Matias Tellez sine låtskrivarevner er spesielt gode. At bandet for øvrig består av talentfulle folk, trekk heller ikkje ned, meiner Eno-redaktøren.

Fullt på Kvarteret

Kydland er ikkje i tvil om at bandet også kan slå an internasjonalt.

– Eg gler meg alltid til ny musikk som kan vere god. Det gjeld også for Young Dreams. Eg er alltid svak for popmusikk med eit lett, sommarleg ytre kombinert med ein mørk, uroleg kjerne, fortel Kydland.

Laurdag fylte supergruppa Teglverket på Kvarteret, og møtte ellevill jubel frå dei frammøtte. Trass i at konserten var over etter dryge 40 minutt, viste bandet prov på kva som har gjort Young Dreams til eit lysande namn: Tanken om å gripe augenblinken.

YOUNG DREAMS
  • Består av: Matias Tellez, Njål Paulsberg, Rune Vandaskog, Richard Myklebust, Kim Åge Furuhaug, Chris Holm, Pablo Tellez, Marius Erster Bergesen, Fredrik Vogsborg og Per Kristian Slåttli.
  • Slepp sin første singel 7. februar.
  • Spelar under by:Larm i Oslo i midten av februar.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.