– «Personal Velocity» handlar om to veldig forskjellige personar som har det til felles at dei kvar dag vel å bruke sykkelen som framkomstmiddel, fortel regissør Jon Vatne.
I filmen syklar hovudpersonane på såkalla fixie-syklar. Det vil seie syklar utan gir og bremser. Det er ikkje heilt tilfeldig.
– Subkulturelle fenomen er noko som interesser meg, og det visuelle og dramatiske potensialet og risikoane i urban sykling, er gode ingredienser til ein spennande film.
I Strandgaten finn ein klesbutikken Lot 333. Innehavar og eigar, Marcus Smith Hvidsten, er ein av få i Bergen som aktivt bruker fixie-syklar, som du også kan få kjøpt i butikken hans.
– Kva er det særeigne ved fixie-syklar?
– For det første har den fast nav. Det betyr at ein kan trø både bakover og framover. For det andre har sykkelen ingen bremser. Bremse gjer du ved å legge vekta di framover og skrense med bakhjulet, forklarer Hvidsten.
Handlinga i «Personal Velocity» er lagt til New York, som også var vogga for fixie-kulturen.
– Sykkelbuda der tok den til gata. Føremålet var å ribbe sykkelen for mest mogleg, og sleppe vedlikehald, utan at det gjekk hardt utover sykkelen, opplyser Hvidsten.
I dei seinare åra har populariteten auka på verdsbasis, og ført med seg masseproduksjon.
– Det er ikkje til å leggje skjul på at det har blitt ei trendgreie. Men for meg handlar det meir om kjærleik til sykling. Du er på ein måte i eitt med sykkelen, seier han.
Hvidsten synest dei nye fixie-syklane er problematiske.
– Mange av delane på dei er rett og slett søppel, og har dårleg kvalitet. Risikoen for uhell er langt større enn ved tradisjonelle fixie-syklar, åtvarer han.
Hvidsten fortel at han og fleire i miljøet, er opptekne av å byggje syklane sjølv. Butikkeigaren viser oss ein av syklane sine, der ein 95 år gammal japanar har laga stålramma.
– Den har perfekt stivheit som gjer at ein får maksimal utteling på krafta ein legg i tråkket, fortel Hvidsten entusiastisk.
Populariteten til trass: I Bergen er miljøet lite, og berre ein handfull personar bruker fixie-syklar aktivt. Bjørn Mortensen, som introduserte Hvidsten for fixie-syklar, fekk auga opp for kulturen i London, der han budde ei periode.
– Først og fremst er fixiesyklane geniale i storbyen då dei er praktiske og funksjonelle. Miljøet er elles prega av ekstreme sykkelentusiastar, seier han.
Han irriterer seg over kommersialiseringa av fixie-syklar.
– Ein har til dømes filmstjerner som som bruker det som poseringsobjekt, men der essensielle delar manglar. Sånn sett har det blitt meir ei motegreie, vedgår han.
Filmen «Personal Velocity», som altså omhandlar fixiesykling, er ein del av Eurodok, ein årviss dokumentarfestival ved Cinemateket i Oslo og Bergen.
– I Bergen har vi ei minioppsummering av programmet. Vi har plukka ut seks-sju filmar, fortel Aksel Kielland, leiar ved Cinemateket i Bergen.
Førre torsdag opna dei filmfestivalen som vert avslutta 31. mars.
– Bergen Internasjonale Filmfestival har gjort dokumentarfilmen populært i Bergen. Ingen andre byar i Norge er i nærleiken av å vise så mange dokumentarar. Og publikum stolar på utvalet, trass få garantiar, seier Kielland.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.