Mest aktive brukere »

Kultur.

Etterlengta pub

GOD STEMNING. Mange gamle pensumbøker fekk tørka støvet av seg og fekk nye eigarar på Ad fontes før helga. Foto: JARLE HOVDA MOE

Den nye puben på HF, Ad fontes, har endeleg opna dørene. No ventar dei berre på skjenkeløyve.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 19.01.11 kl. 00.59

Etter arbeidet starta vinteren 2008 var det fredag 14. januar klar for opning av HF-puben. Pensumkafé var første arrangement på planen.

– Me likar å tru at me er nyskapande, seier Audun Kjørstad, leiar for Humanistisk Studentutval(HSU).

Pensumsal

Fredag kom det mange studentar til Ad fontes for å selje bøker, men også berre for å få seg ein gratis kaffikopp.

– Det har lenge vore eit problem at studentar ikkje får selt bøkene sine, så dette er eit heilt nytt konsept som kan hjelpe mot det, seier Kjørstad.

Og gratis kaffi er med på kjøpet.

– Grunna SiB sitt kafémonopol har me ikkje lov til å selje kaffi, så da gir me han vekk gratis, så lenge tipsen me får gjer at me går i null.

Tidskrevjande

Men den som ventar på å få leska strupen sin med ei kald øl, må nok smørje seg med tålmod.

– Me ventar på tillating av Bergen Kommune. Det er fare for at me kanskje ikkje har skjenkeløyve før i april, men til hausten er me forhåpentleg heilt klare, seier leiaren for HSU.

Sergio Bentivegna frå kontor for skjenkesaker i Bergen, meinar det kan bli vanskeleg å få bevilling dersom ein ikkje har matservering.

– Det er som regel 2-3 månadar ventetid. Me treng nok tillating frå byrådet, men me pleier å vere liberale med studentane, seier Bentivegna.

Lite viktig

Rebecca Krogevoll og Kristina Høyland, begge studentar ved HF, trur ikkje puben er så viktig for HF-studentane, men at det er veldig koseleg å henge der.

– Trur ikkje det kjem til å bli kø her, men dersom dei arrangerer noko kan det trekke folk. Men dette blir ikkje Bergens hippe, nye uteplass, seier dei to studentane.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.