«Moloch Tropical» sentrerer seg rundt presidenten i Haiti. Han bur i skogen i ei borg høgt over Haiti sin hovudstad Port-au-Prince. Presidenten er omgitt av marmor, gull, tenarar og silkeslåbrokkar. Han går aldri ut, men styrer landet sitt med jernhand frå toppen av fjellet. På trass av folket si aukande misnøye tviheld presidenten på at han har folket på si side.
«Moloch Tropical» er på mange måtar eit studium av makt. Filmen utforskar korleis det kan gå når ein person har så mykje makt at han ikkje innser konsekvensane av sine eigne handlingar. Sjølv om presidenten i utgangspunktet var demokratisk valt, fjernar han seg meir om meir frå det folket som han er satt til å styre.
Estetisk sett er «Moloch Tropical» ekstremt flott. Den overveldande naturen rundt borga, dei sterke fargane inne i borga, og dei gjennomtenkte komposisjonane i nesten kvart klipp, er verkeleg ein av filmen sine store styrker.
Mot slutten av filmen, når presidenten sin galskap nye høgder. Han framstår som ein engsteleg og psykisk ustabil herremann som fullstendig har mista grepet. Denne galskapen tilfører filmen ein absurditet som mange kanskje vil reagere på. Men på trass av ein muligens for dramatisk slutt, er filmen absolutt å anbefale.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.