«Budrus» er dokumentaren om ein av dei små landsbyane på Vestbreidda som stod i fare for å verta isolert og øydelagd av dei israelske planane om å byggja tryggleiksmur langt inne i det okkuperte området. Muren skulle gå rett forbi skulen og tvers gjennom gravplassen, og dessutan skilja innbyggjarane i Budrus frå store delar av olivenlundene dei er økonomisk avhengige av og har pleia i generasjonar.
«Me har ikkje tid til krig. Me vil oppdra ungane våre i fred og ro», seier Ayed Morrar. Han er hovudpersonen i filmen om Budrus, og leidde dei ikkje-valdelege aksjonane innbyggjarane sette i verk for å få israelarane til å snu.
Gjennom dokumentaren vert me kjende med dagleglivet i Budrus og innbyggjarane der, og får innsikt i deira tolmodige kamp mot byggjeplanane til israelske styresmakter. Me ser fortvilinga når oliventrea vert rivne opp med røtene og pågangsmotet til den unge jenta som stiller seg framfor gravemaskina og tvingar både den og dei israelske soldatane til å trekkja seg tilbake. Dei veit rett og slett ikkje korleis dei skal handtera situasjonen. Det gjer òg sterkt inntrykk når israelske aktivistar kjem for å stå side om side med palestinarane i Budrus i kampen dei kjempar utan våpen.
Gjennom hakkete opptak frå demonstrasjonane og intervju med representantar for begge sider av konflikten greier skaparane av Budrus å gje eit godt og realistisk innblikk i situasjonen. Samstundes evnar dei å fanga opp dei små, verkeleg sjarmerande augneblinka som framkallar latter hjå publikum.
«Budrus» er ikkje berre ein god film, han er dessutan viktig. Så vart han også tildelt årets Checkpoints-pris, BIFF sin eigen menneskerettspris. Filmen kastar lys over både konflikten mellom palestinarar og israelarar, og konsekvensane av han på vanleg folk, og på dei indre politiske problema mellom palestinarane. Samstundes fortel han ei suksesshistorie. Det tok lang tid, men den ikkje-valdelege tilnærminga innbyggjarane i Budrus valde var vellukka, og strategien spreier seg. Ein forlet kinosalen med kjensla av at sjølv om det ser mørkt ut, finst det håp.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.