Mest aktive brukere »

Film.

BIFF: Femten for alltid

Bildetekst

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 27.10.10 kl. 16.55

Den femten år gamle Liverpool-guten Robbie (Josh Bolt) er som så mange andre tenåringsgutar – han vil pula. På veg heim frå ferie med foreldra og bestekompisen Ziggy (Eugene Byrne) kollapsar han plutseleg, og havnar på sjukehus. Det viser seg at Robbie har ein alvorleg hjartefeil, og kjem til å døy. Men han er framleis femten, og han vil framleis liggja med ei jente. Problemet er at han no er lenka til sjukesenga, og det bak eit forheng på barneavdelinga, så tilgangen på villege kandidatar er heller dårleg. Dermed vert det Ziggy, som òg har sine eigne problem å stri med, si oppgåve å finna nokon som kan oppfylla den døyande kameraten sitt siste ynskje.

Historia er original og legg opp til massevis av morosame scener, fulle av god dialog på tjukk Liverpool-dialekt. Samstundes får ein forteljinga om eit verkeleg sterkt venskap, og denne kombinasjonen fungerer. Særleg vert ein glad i Ziggy, som går gjennom eld og vatn for kompisen sin. Det er både sjarmerande og frykteleg gøy når Ziggy først brukar bursdagspengane sine på å senda Robbie på bordell, for så å måtta bera han ut derifrå, framleis like upult, og trilla han tilbake til sjukehuset i handlevogn når politiet gjennomfører ein razzia der i akkurat feil augneblink.

Til slutt går det slik publikum heile vegen har visst at det ville gå, og nok har lurt på kvifor Ziggy ikkje har tenkt på. Men ein får unnskylda han, han er trass alt berre femten. Og det er nett det som er så herleg med «Gi alt!». Dei to hovudpersonane vert ikkje plutseleg vaksne og reflekterte i møte med døden. Dei er framleis så til dei grader femten, har eit veldig enkelt forhold til kva som er rett og gale, og er villege til å gå langt for å oppnå det dei meiner er viktig.

Der «American Pie» handlar om å få seg noko før college, står det i «Gi alt!» om å få det gjort medan ein enno lever, noko som gjev det heile ein ekstra dimensjon. Filmen er både morosam og rørande, fin og trist på same tid. Eg sit att med ei akkurat passe sterk feel-good-kjensle, og det treng vel ikkje alltid vera så gale?

«Gi alt!»
Regi: Bruce Webb

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.