Kva gjer ein når alt raknar? Når heile grunnlaget for det livet ein lever vert rive vekk under ein, og det livet ein har levd i så mange år har vore bygd på løgn.
«Alt om oss» er ei forteljing om Martha, ein lærar i 30-åra i Tyskland. Ho er gift med Paul som nettopp har gjort ferdig doktorgraden sin, og dei bur i ei fin leiligheit, med fine møblar. Dei har eit trygt samliv med parmiddagar, sex der dei begge to kan le av kvarandre, og planar for ei framtid dei skal dela. Så får Paul ein jobb i Marseille, og flyttar sørover. Marta skal flytta etter, men etter ein dag kjem politiet på døra. Paul har teke livet av seg.
I prosessen etter dette forstår ho at mannen slett ikkje har levd det livet ho har trudd, og ho innser at ho ikkje har kjent han i det heile. Martha går gjennom fasar av sorg, nekting og fortviling som også sjåaren føler på kroppen. Men Martha si løysing vert å kasta seg ut i eit nytt forhold med ein mann som liknar på Paul. Tanken bak å ta ei slik vending er god, at ein for alt i verda vil klamra seg fast til det ein har hatt og fortrengjer sorga, men denne delen av historia bryt så med starten at det opplevest som forvirrande. Filmen legg opp til ei sorgfylt historie, men så endar ein opp med dialog som til tider får ein til å le. Det kjennest ikkje rett.
Sjølv om historia i «Alt om oss» til tider tar vendingar ein ikkje forstår, er skodespelarprestasjonane svært overbevisande. Dette gjeld særleg for Sandra Hüller som spelar Martha. Karakteren blir spelt svært utleverande, og nettopp difor svært ekte. I tillegg vinn «Alt om oss» svært mykje på å vera så fantastisk fin, reint estetisk. Fleire gonger får ein også dvela litt ekstra ved scener med eit særleg fint utsnitt. Det gir filmen ein fin ro som står godt til det alvorlege temaet.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.