Mest aktive brukere »

Film.

BIFF: Innsikt utan svar

Bildetekst

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 25.10.10 kl. 00.29

I dokumentaren «My Perestroika» møter me fem russarar som tilhøyrer generasjonen som var unge då Sovjetunionen kollapsa. I barne- og ungdomsåra gjekk dei alle på same skule og i same klasse i Moskva, men har sidan teke heilt ulike vegar i livet. Borya og Lyuba er historielæararar og gifte med kvarandre, Ruslan er musikar, Olga er åleinemor med jobb i eit biljardbord-firma, medan Andrei eig sytten butikkar som sel franske herreskjorter og slips.

I filmen snakkar kvar av dei om korleis dei opplevde oppveksten i Sovjetunionen, kva som har endra seg og kva som kanskje ikkje eigentleg har det, og om livet no er betre eller verre. Synspunkta er ulike. Er folk eigentleg lukkelegare no? Og korleis skal ein forhalda seg til historia, i eit land der «fortida er så uforutsigbar», som ein av historielærarane påpeikar med referanse til den skiftande politikken som har vorte ført med tanke på den offisielle utgåva av sovjetisk og russisk historie?

Filmskapar Robin Hessman, som sjølv har budd i Russland over lengre periodar, kombinerer i «My Perestroika» intervju med dei fem hovudpersonane med klipp frå daglegliva deira. Dessutan deler dei sine private opptak frå barndommen i Sovjetunionen, som ser nett like lukkeleg ut som ein barndom i kva som helst anna land og skil seg kraftig frå dei sovjetiske propagandafilmane frå same tidsrom, som óg vert nytta. Hessman har vald å halda seg til desse verkemidla og utelata ekspertkommentarar og ei forteljarrøyst som sit med nokon slags fasit. Dette gjer at ein får innblikk i dei ulike syna på situasjonen, men samstundes sit att og lurer litt på kva som eigentleg er status i dagens Russland. Slik vil det vera med ein dokumentar som fokuserer meir på individuelle oppfattingar enn på harde fakta, ein får ikkje noko svar med to strekar under.

«My Perestroika» er ein film som krev ei viss interesse for russisk historie og samfunnstilhøve. Har du det, bør du absolutt få han med deg.

«My Perestroika»
Regi: Robin Hessman

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.