Historia om Benazir Bhutto, den første kvinnelege leiaren av ein muslimsk nasjon, er enormt fascinerande. I ein alder av 35 år klarte ho å bli det mange trudde ikkje var mogleg; Pakistan sin første kvinnelege statsminister.
Dokumentaren «Bhutto» skildrar Benazir Bhutto sitt intense og turbulente liv gjennom historiske filmklipp, lydklipp og intervju med politikarar, journalistar, forfattarar, samt Bhutto sine familiemedlemmer. Nokon av lydklippa av Benazir og arkivfotoa har aldri blitt vist før. Dei tilfører mykje til den vanvittige historia. Ja, for det er ei vanvittig historie. Etter kvart som filmen utfaldar seg er det rett og slett lett å gløyme at dette er ein dokumentar og ikkje ein spelefilm.
Først blir faren til Benazir (den første demokratisk valte presidenten i Pakistan) hengt, så blir begge brørne drepne, deretter blir mannen hennar fengsla, og til slutt blir ho sjølv drept. Alt heng saman med Bhutto-familien sin kamp i det politiske landskapet i Pakistan. Og det er nettopp ein av styrkane i dokumentaren. På profesjonelt vis syner dokumentaren at historia om Bhutto-familien på mange måtar er historia om Pakistan.
Ei anna styrke ved filmen, er intervjua med borna til Benazir. Desse samtalane får fram den familiære sida ved henne, og ikkje berre maktmennesket. Det viser også kor mykje ho ofra for sine visjonar om eit demokratisk Pakistan.
Dokumentaren si største utfordring er kanskje informasjonsmengda. Å få med eit så komplekst hendingsforløp i løpet av to timar, er ei krevjande oppgåve, men sidan historia blir framstilt kronologisk, mistar ein ikkje tråden undervegs.
Filmen om Benazir og «The Kennedys of Pakistan» kan anbefalast på det sterkaste. Det er ein ekstremt viktig film om den viktigaste familien i eit av dei viktigaste landa i verda.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.