ALS er ein nådelaus sjukdom som gradvis bryt ned den ramma sine viljestyrte musklar. Ein misser evna til å gå, snakka og svelja, og til slutt døyr ein. Det finst ingen kur. Alle som nokonsinne har kjent nokon med ALS vil for alltid grøssa når dei høyrer desse tre bokstavane.
I «Leave Them Laughing» møter ein den kanadiske komikaren og songaren Carla Zilbersmith, som leid av sjukdomen. Filmteamet følgde henne i eit halvt år før diagnosa vart stilt og i 21 månader etterpå. Ein vert kjend med ei sterk dame som nektar å sjå seg sjølv som noko offer. I staden nyttar Carla den tida ho har att for alt ho er verd saman med gode vener og familie, og pøser på med galgenhumor når ting vert vanskelege, til dømes ved å tatovera «Out of order» på begge føtene sine når ho ikkje lenger kan gå. Likevel er det naturlegvis tøft for både ho og dei rundt henne å oppleva at ho stadig vert svakare og innsjå at slutten nærmar seg. Ho samanliknar seg sjølv med ein ballong som er i ferd med å gå tom for helium, og skulle ynskja ho kunne få avslutta livet på ein annan måte.
Gjennom intervju med både Carla og den 16 år gamle sonen hennar, klipp frå dei siste opptredenane hennar og opptak frå dagleglivet har regissør John Zaritsky laga eit gripande portrett av ei dame som er tøffare enn toget, men som kjempar ein kamp ho veit ho kjem til å tapa. Framstillinga av Carla er nyansert, og gjev ei realistisk framstilling av det å sjå døden i kvitauga, uansett kor optimistisk ein er.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.