Å uttrykke seg seksuelt er eit medfødt menneskeleg behov. Ikkje alle får lov, sjølv om dei har lyst. «Natural Selection» tar opp tematikken rundt seksualmoral og kristendom på ein humoristisk måte.
Vi møter kristenkonservative Linda White og ektemannen Abe, som i 25 år har vore gift utan å hoppe i halmen. Fordi Linda er steril, er seksuell omgang mot Guds ord. Når Abe får hjarteinfarkt, og Linda finn ut at han i alle år har vore ivrig donor til sædbanken, fell verda saman. I sorg og sinne bestemmer Linda seg for å finne ektemannen sin eldste son, Raymond, og bringe han tilbake til mannen før han sovnar inn. Slik møter Linda junkien Raymond, og deira reise lærer henne meir om livet enn venta.
Filmen presenterer eit kristent haldningssett som synest fjernt for ein ateist, og ein får eit innblikk i korleis menneskelege behov vert undertrykt av moralens høge voktar på bygda i USA. Framstillinga er underhaldande, og Rachel Harris er overbevisande som Linda. Dessverre er karakteren noko i overkant naiv, og tradisjonelle Hollywood-karaktertrekk øydelegg. Framstillinga av junkien Raymond er lite dømmande, og det styrkar filmen. Likevel synest Raymond overdriven stereotypisk i veremåte. At ein verken ser junkien innta sine dosar eller ser særlege abstinensar drar inntrykket ned.
Musikken fungerer fint som stemningssettande, og ein kan lett førestelle seg konservativ kristenlandsbygd når tonane flyt. Historia er underhaldande, og har fleire fine augeblikk, men verken historia eller utforminga er revolusjonerande. Innblikket i kor underkua folk kan bli av religion er presentert på ein vittig måte. «Natural Selection» fortel ei historie der bodskapen ser ut til å vere at ein ikkje skal leve i ekteskap basert på rutine utan lidenskap, men heller bryte ut for å finne seg sjølv, og det kan ikkje kallast nyskapande. Det er likevel ein sjarmerande film verdt ein filmkveld.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.