Mest aktive brukere »

Film.

BIFF: Skremmande liv i kultkollektiv

Tekst: MARIE HAVNEN
Sist oppdatert: 24.10.11 kl. 17.19

«Vi er saman om dette. Du må dele deg sjølv», er beskjeden Martha, omdøypt Marcy May, får etter å ha blitt voldtatt for første gong i kultkollektivet der ho bur. «Martha Marcy May Marlene» er debutspelefilmen til Sean Durkin, og han presenterer eit spennande, skremmande drama av ein thriller.

Vi møter Martha når ho returnerer til samfunnet etter å ha levd i kultkollektivet i to år. Martha bur hos søstra og mannen, og prøvar å komme over eins med eigne kjensler og etterverknadar av det livet ho har levd. Elizabeth Olsen leverer Martha Marcy May Marlene som ein heilstøpt karakter, med sitt overbevisande levande skodespel. Karakteren har problem med psyken når ho møter verda på nytt, og det formeleg sprutar ut augene på Olsen. Skodespelet er nøkternt, men intenst godt.

Historia vi blir fortalt viser på elegant vis korleis menneske gjennom hersketeknikk og einsidig påverknad kan bli overbevist om at dei mest absurde ting er sanninga i livet. Filmen viser ikkje eit sjokkerande nytt bilde av kultlivet, men skildrar hardt, brutalt og vakkert korleis Martha gradvis blir omvendt og seinare hennar flukt bort.

På nesten umerkbart, elegant vis sklir scenene; fortid og notid inn i kvarandre. Eit hopp i sjøen i notida endrar seg galant til eit hopp i fossen i fortida. Overgangane er nesten drøymande, og tar oss fram og tilbake i livet til Martha filmen igjennom. Ikkje berre er scenene godt knytt saman. Fotografiet i filmen er eit imponerande kunststykke. Spesielt under sekvensane frå kultlivet får ein ei slags vintage/retro-kjensle av sommar og låg kveldssol i dei vakre bilda. Nesten uansett kvar ein pausar filmen, utgjer bildet på skjermen eit estetisk nydeleg fotografi.

Voldtekt, innbilt kjærleik, ekte kjærleik(?), vennskap, frykt og uro blir portrettert i ein skremmande og visuell pakke som ikkje slepp taket med det første.

«Martha Marcy May Marlene»
Regi: Sean Durkin

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.