Inntoget av Facebook har på mange måtar blitt ein sosial revolusjon. Kanskje først og fremst fordi det i skrivande stund er over 500 millionar personar som har ein Facebook-profil. Men det er ikkje det dette skal handle om. Den amerikanske filmen «The Social Network» er historia om Mark Zuckerberg, grunnleggaren av Facebook, Harvard-nerden som i filmen blir framstilt som ein klønete, kynisk, asosial drittsekk, men som ved hjelp av forbilledlige datakunnskapar kjem seg ut av skyggetilværet.
Filmen sin undertittel proklamerer at du ikkje får 500 millioner vener utan å skaffe deg eit par fiendar på vegen. I Zuckerbergs anliggande stemmer dette godt. Eller? Eit av dei store samtaleemna i forkant av premiera har dreia seg rundt kor sann den historia vi får presentert i filmen eigentleg er. I henda på David Fincher («Seven», «Fight Club») og manusforfattar Aaron Sorkin («West Wing»), har «The Social Network» blitt ein velspelt og imponerande godt oppbygd film, med få om ingen dødpunkt – om ein tilsynelatande vanleg fyr frå Harvard. Mykje kan derfor tyde på at dei har tatt seg ein del friheiter. Fincher og Sorkin har basert seg på visse faktaopplysningar og så fortolka resten. Eksempelvis får vi i første scene sjå bakgrunnen for Facebook-ideen. Her blir Zuckerberg dumpa av dama, med det til følgje at han går heim, drikker seg full og skaper Facebook.
Okey, ikkje heilt slik, forteljinga er litt meir komplisert enn som så. Derifrå følgjer nemleg ei historie om kynisme, svik, statusjag og sjølvsagt pengar. Zuckerberg, i filmen, er ein heller usympatisk person – egoistisk, arbeidsavhengig, og utan sosiale antenner. Eit aldri så lite paradoks for mannen som skapte ein av vår tids viktigaste sosiale arena.
Fincher og Sorkin er allereie nemnt, og leverer begge to. Førstnemnte med fjellstø regi, der han hoppar fram og tilbake i tid utan å miste tråden, mellom rettsalen og studentlivet. Sorkin på si side briljerer til tider med vittig dialog, og gode replikkar. Og skodespelarlaget, mellom anna med ein Justin Timberlake i storslag, som portretterer Napster-skapar Sean Parker, er det i det heile tatt lite å utsette på.
Sjå derfor «The Social Network» om du har tid og lyst. Som underhaldningsfilm har den nemleg blitt imponerande god.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.