Mest aktive brukere »

Film.

BIFF: Stille frå skogen

Bildetekst

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 22.10.10 kl. 13.22

Vesle Yusuf likar ikkje mjølk. Den brukar far hans å drikka for han. Yusuf gjer det dårleg på skulen, både fagleg og sosialt. Han trivst best når han får vera med faren, som er birøktar, på jobb ute i skogen. Det er eit dårleg år med få bier og lite honning, og far til Yusuf er uroleg for korleis det skal gå med økonomien til den vesle familien. Difor reiser han avgarde for å setja ut bikubar i eit nytt område. Yusuf og mor hans ventar på at faren skal koma tilbake. Dei ventar og ventar, men han kjem ikkje.

«Honning» er den siste filmen i Semih Kaplanoglu sin omvendt kronologiske trilogi om Yusuf, og vann Gullbjørnen i Berlin i år. Bora Atlas gjer ein god innsats i den store og krevjande rolla som den inneslutta Yusuf, ei rolle basert nesten utelukkande på kroppsspråk.

Dette er ei annleis filmoppleving. «Honning» har eit svært stilferdig preg, understreka av det totale fråværet av filmmusikk og særs lite dialog. Fokus er på det visuelle i form, originale vinklingar og lange sekvensar teke opp med stilleståande kamera og avstand til handlinga. Mykje vert overlate til sjåaren. Denne stilen fungerer stort sett fint, men kan verta litt langtekkeleg i nesten ein time og tre kvarter. Spenninga byggjer seg opp fram mot slutten, som trass i at filmen hadde vart lenge, kom noko brått på meg. Eg sit att med ei behageleg filmoppleving, men og med ein del spørsmål og lause trådar.

«Honning»
Regi: Semih Kaplanoglu

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.