Det er sju år sidan John, spelt av John C. Reilly, vart skild, og desse sju åra har han stort sett tilbrakt åleine i den skitne og rotete leiligheita si med boxeren rundt knea. Så ein dag tvingar eks-kona han med på fest, og John møter Molly (Marisa Tomei). Resten av historia har du høyrd tusen gonger før. Mann møter kvinne, dei forelskar seg, og så stikk nokon kjeppar i hjula. Denne «nokon» er i dette tilfellet Cyrus, Molly sin vaksne son, spelt av Jonah Hill, som framleis bur heime. Han taklar dårleg at det kjem ein ny mann inn i livet til mora, og tek i bruk det han har av manipulative verkemiddel for å splitta paret opp.
«Cyrus» er rett og slett ein skikkeleg dårleg film. Plottet er som nemnd klassisk, og har fungert mange gonger før, men her vert det tragisk, nærmast pinleg. Brørne Duplass har freista laga ein komedie og ein seriøs film om eit spesielt og øydeleggjande mor-son-forhold på same tid. Diverre feilar dei stygt i begge endar. Både den plutselege og ekstreme livsstilsendringa John gjennomfører når han møter Molly og det sære forholdet mellom henne og Cyrus framstår som lite truverdig. Filmen dreg heller ikkje galskapen langt nok til å vera verkeleg morosam, samstundes som karakterane er for dårlege til at ein utviklar sympati for dei og let seg røra i dei forsøksvis sentimentale scenene, som berre vert tåpelege. Ein burde ha satsa på anten meir komedie eller meir drama, og utvikla karakteren til Cyrus, som har litt potensiale, mykje meir i ei av retningane. Det ville om ikkje anna ha filmen eit par hakk.
Det er ikkje meir å seia. Berre gjer deg sjølv den tenesta å ikkje sjå «Cyrus». Det finst så mange andre filmar i same sjanger som er uendeleg mykje betre.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.