Den amerikanske hæren har køyrt seg fast i Irak og Afghanistan. For å overkomme si eiga manglande kulturelle forståing har den amerikanske hæren no tatt i bruk antropologar i det såkalla Human Terrain-programmet. Dei skal lære soldatane korleis dei på best mogleg måte skal forstå kulturen der dei er i krig.
Temaet for dokumentaren «Human Terrain» er på mange måtar både interessant og viktig. Problemet er berre at det ikkje er så lett å få tak i kva filmen vil. Filmen manglar ein raud tråd, den har for mange intervjuobjekt, og ikkje før langt ut i filmen dukkar det opp nokon som er kritiske til prosjektet.
Med eit vell av militære og akademiske kjelder prøvar dokumentarskaparane å belyse bruken av samfunnsvitarar i militære operasjonar. Eit av intervjuobjekta er antropologen Montgomery McFate, ein av hovudforsvararane av antropologisk samarbeid med militæret og etteretningstenestene. På linje med mange av intervjuobjekta blir dette ikkje introdusert i filmen. At ho i 2007 presenterte ein plan som bidrog til etableringa av Human Terrain System-prosjektet blir heller ikkje nemnt.
Berre ein av intervjuobjekta i filmen framstår som kritisk til Human Terrain-programmet. Mannen heiter Hugh Gusterson og er professor i antropologi. Han er den einaste som uttaler at motstanden frå lokalbefolkninga i Irak og Afghanistan mest sannsynleg kjem fordi USA har okkupert landet, ikkje fordi dei amerikanske soldatane ikkje veit at dei bør seie «Assalamu alaikum» når dei kjem for å ransake husa til folk.
I den delen av «Human Terrain» er dokumentaren absolutt inne på noko. Den rettar fokus mot dei moralske utfordringane ved samanblandinga mellom antropologi og krig. Men igjen, desse kommentarane er alt for korte til at ein verkeleg får innblikk i dette synet.
Eit anna problem med filmen, er den nesten fråverande tilstadeværelsen av irakarar og afghanarar. Om filmen skal handle om samhandlinga mellom militæret og lokalbefolkninga, så ville det vel vore naturleg å faktisk høyre kva lokalbefolkninga synest om dei nye strategiane. Har ting blitt betre? Hatar dei amerikanarar mindre no enn før? Har dei meir forståing for at deira eigen bror har blitt drept av amerikanske styrkar no når militæret veit at dei ikkje bør kaste Koranen i bakken? Tvilsomt.
«Human Terrain» vil sannsynlegvis føre til mange hissige diskusjonar, men som kritisk kvalitetsdokumentar er den dessverre ein skuffelse.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.