«Krigen tar alt, frå alle» blir det sagt gjentatte gonger i «War Horse». Men ikkje alt går tapt i denne vakre filmen. Albert er ein unggut som får stor fascinasjon for hestar etter han er vitne til at draumehesten bli født. Når faren reiser full på marknaden og kjem heim med den same hesten, som ikkje er god for noko, er det forelskelse ved første blikk.
Albert lærer opp hesten og dei utviklar eit varmt forhold. Kort tid etter er han den flottaste hingsten i byen. Men lite varer evig, og dette gjeld også forholdet mellom Albert og hesten. Når første verdskrig bryt ut, har dei ikkje andre val enn å selje hesten som då blir sendt for å kjempe til døden. Og her startar reisa.
I staden for å bruke menneske, har regissør Steven Spielberg her bestemt seg for å la ein hest vere den som viser begge sidene av den brutale kampen medan han går frå eigar til eigar. Den raude tråden om vennskap, stoltheit og håplause situasjonar er likevel tydeleg. I ei anna tid, med eit forhold til hestar som få av oss kan kjenne oss att i, er det rørande å sjå korleis forholdet mellom mann og dyr utviklar seg. Til slutt vervar Albert seg til krigen, med eit ynskje om å ein gong kunne foreinast med sitt kjæledyr og beste venn.
Dette er ikkje den første krigsfilmen frå Spielberg, og om den kan måle seg med «Saving Private Ryan», «Schindler's liste» eller «Empire of the Sun» er ikkje sikkert. Men det gjer den ikkje mindre god. Sjølv om filmen tar for seg nokre klisjeaktige tema som dyret som beste venn, vennlege krigsmenn og tårefull gjenforening, er det likevel eit orginalt preg over filmen. Skodespelarane er det lite å utsetje på, ei heller prestasjonen til hesten. Krigen tar alt frå alle, men han tok ikkje alt. Vennskap overlever, til og med under blodig strid.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.