Mest aktive brukere »

Kultur.

Forsømt område fornyast

KUVENDING. – Dette arbeidet skal løfte opp, og gjere det finare, seier Even Berge, avdelingsdirektør ved Eigedomsavdelinga ved UiB. Han hevdar økonomi og andre prioriteringar er bakgrunnen for at området har fått forfalle. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Uteområdet på Sydneshaugen gjennomgår no renovasjon etter 40 år med mangel på omsyn. – Det er på tide, meiner dekan.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 23.02.11 kl. 00.24

– Omgivnadane, både inne og ute har veldig mykje å seie for trivselen. Det har vore utriveleg dei siste åra, og det har berre blitt verre. Det er veldig bra at UiB no tar tak for å betre trivselen til både studentar og tilsette, meiner dekan ved Det humanistiske fakultet (HF) på UiB, Gjert Kristoffersen.

Dekanen synst ikkje det er ironisk at HF, som har mykje fokus på kunst og kultur innanfor studieretningar og forsking, har latt kunsten rett utanfor sitt eige stoveglas svinne hen.

– Eg vil ikkje setje HF i ein særklasse her. Det er like viktig for alle fakultet, studentar og tilsette at ein tek vare på både bygningar og uteareal på ein best mogeleg måte, seier dekanen.

Nytt liv

Odd Tandberg, kunstnaren bak «Rislefontene» som er plassert på gangvegen mellom HF-bygget og Sydneshaugen Skule, synst det er dårleg at statuen hans har fått forfalle sidan den vart laga 1972, men er glad for at den skal få risle atter ein gong.

– Det er bra at dei skal fikse den. Eg blei litt lei meg då eg såg at den ikkje virka. Heile området der såg ikkje så bra ut, men det er vel lett for at det blir slik når ein ikkje er interessert i kunst, seier Tandberg.

– Økonomi og prioritering

Even Berge, avdelingsdirektør ved Eigedomsavdelinga ved UiB, fortel at området såg like ille ut for 30 år sidan, og meinar økonomi er den viktigaste faktoren til forfallet.

– Det handlar om økonomi og prioritering. Og på grunn av dette har HF kome på etterslep med vedlikehaldet, og uteområda har fått lide, seier Berge.

Avdelingsdirektøren er sikker i si sak når han seier at vedlikehaldet heretter skal prioriterast.

– Sjølvsagt. Det blir no lagt vekt på overflater som er lettare å vedlikehalde. Når det blir så nedslitt som det er no, gjer ein nesten opp. Målet er at bygga til slutt skal snakke saman. Dette arbeidet skal løfte opp, og gjere det finare, seier Berge.

Vanskjøtta kunst

Om arbeidet kjem til å forstyrra studentane i eksamenstida veit ikkje Kristoffersen, men han meiner dei bør vere glade for at det skjer ei oppgradering.

– Det er nok vanskeleg å unngå slike problem, ein får ta det der og då om det viser seg å bli alvorleg. Men slik er det berre, ein kan ikkje jobbe om natta eller om sommaren for å skåne oss som jobbar her. Vi må vere glade for at det endeleg skjer ei oppgradering, seier Kristoffersen.

Helena Rui Nordbakk, som studerer kunsthistorie ved HF, meinar det er bra at oppussinga av uteområdet er i gang, men meiner det er fleire ting ved fakultetet som treng modifikasjon.

– Eg syns heile HF ser ganske gammalt og grått ut, og både lesesalar og auditorium ser ut som dei er veldig godt brukt, seier Nordbakk.

Studenten meiner og at det er ekstremt dårleg at HF ikkje klarar å ta vare på kunsten sin.

– Fakultetet burde jo gå føre som eit eksempel. HF, som har stort fokus på historie og kunst, bør klare å ta vare på minnesmerke og statuar. Dei står jo ikkje der utan grunn, meiner Nordbakk.

OPPUSSING PÅ SYDNESHAUGEN
  • Barrikadedekke med nedfelt belysing i to hovudakser i gangområdet.
  • Buskar og nokre tre skal fjernast.
  • Rislefontena skal tilbakeførast slik den var med rennande vatn.
  • Bak fontena skal det vere ein raud vegg med høve til å sitte.
  • Området skal tilretteleggjast for soling og avslapping med sittemoglegheitar.
  • Pullertbom mot Johanneskirka for å begrense gjennomkøyring av bilar.
  • Ein generell skjøtselplan for vedlikehald av rekkverk, belysing, trapper, tre og buskar på heile området vil bli gjennomført.
  • På sikt planleggje bossug.


Kjelde: Bergens Tidende

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.