Mest aktive brukere »

Kultur.

Ingen Bullerevolusjon

MISTAR IKKJE NATTESØVN. Ansvarleg redaktør Olav Slettebø synest det er prima å jobbe i K7 Bulletin på frivillig basis. Foto: ANDERS HELGERUD

Fleire tidlegare redaktørar i K7 Bulletin har vore inne på tanken om å lausrive avisa frå NHHS. – Ikkje noko eg traktar etter, seier noverande ansvarleg redaktør.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 02.02.11 kl. 00.18

– Den lausrivinga er ein gammal travar her på Bulle. Det er jo mange områder der me gjerne skulle vore friare, men det er jo og veldig mange fordelar ved å vere ein del av NHHS, seier ansvarleg redaktør i K7 Bulletin, Olav Slettebø.

Fleire meiner at dersom ei lausriving vil finne stad, vil dette kunne føre til at ein kan lønne redaktørar og kanskje gjere jobben meir attraktiv. Likevel er ikkje dette noko Slettebø vil jobbe for.

– Det å få lønn vil kanskje føre til at fleire søker på stillinga, men dette er ikkje noko eg vil jobbe for. Revolusjon ligg ikkje for NHH-studentane, seier han.

– Meir seriøs

Ei av dei som har tenkt tanken om å lausrive Bulle frå NHHS er Marianne Bårdsgjerde, som var redaktør i studentavisa i fjor vår.

– Me leika med tanken. Idéen fekk me fordi me synest strukturen i Bulle ikkje er optimal, men då mest redaksjonelt sett. Dei fleste tidlegare redaktørane har vore inne på denne tanken, men det har aldri blitt ein realitet, seier Bårdsgjerde.

Ein av grunnane til at lausrivinga aldri har vore realisert er på grunn av arbeidet som ligg bak lausrivingsprosessen. Likevel trur Bårdsgjerde at det kan vere viktig med innslag av lønn, men påpeikar at NHHS er prega av frivillig arbeid, og at det difor kan vere vanskeleg å opprette lønna stillingar.

– Dei som tar redaktørjobben no, tek ofte studiet på sida av, og kan ikkje bruke så mykje tid på avisa. Dersom ein får lønn, kan ein legge alt arbeidet i avisa, og då blir avisa kanskje meir seriøs, meinar Bårdsgjerde.

Cilla Holmes Indahl, leiar for NHHS, meinar derimot at det er innsatsen som er viktig for K7 Bulletin.

– Alt arbeid som blir lagt ned av studentar i heile NHHS er basert på frivilligheit. Studentane legg ned mykje tid og engasjement i arbeidet sitt, slik at ein kan skape noko ein er stolt av, seier Indahl.

Sein rekruttering

Det at Bulle slit med rekrutteringa av redaktørar er også eit tema på NHH. Noverande redaktør trur dette kan kome av at jobben vart seint tatt.

– Ryktet kjem vel kanskje fordi eg ikkje tok jobben før til juletider. Det skal jo eigentleg vere folk som stiller til val, men sidan ingen stilte, så vart eg spurt og då tok eg jobben, forklarar redaktøren.

Slettebø trur ikkje dette er nokon trend for avisa, men at naturlege svingingar er svaret.

– Det går veldig opp og ned. Det betyr ikkje at folk er blitt late, men folk tenkjer seg ofte litt om før dei stiller til val, seier han.

Lausriving er inga løysing

Nyvald leiar i Kjernestyret ved NHH, Cilla Holmes Indahl, har ikkje sjølv høyrt om tankar om å lausrive studentavisa frå Studentforeininga, men har blitt informert av tidlegare Kjernestyre om at dette har vore eit tema.

– Bulles rolle er noko det vert snakka mykje om, men det framkjem også at dei trivst svært godt som ein del av studentforeininga, seier Indahl.

Ho meinar også at det kan vere mange grunnar til at Bulle slit med rekrutteringa av redaktørar, men trur ikkje ei lausriving frå NHHS vil gjere stillinga meir attraktiv.

– Nokre av grunnane kan vere alt for høg arbeidsmengde, mykje mediamerksemd og det faktum at me er ein økonomiskule og ikkje ein studiestad som tilbyr journalistskule, seier leiaren og legg til:

– Dei same tinga som ligg til grunn for stillinga no, vil framleis vere der ved ei lausriving. Derimot ser eg utfordringar med å rekruttere studentar til ei avis som ligg utanfor studentforeiningas verksemd.

DETTE ER SAKA
  • Fleire tidlegare redaktørar jobba i haust med tanken om å lausrive K7 Bulletin frå NHHS.
  • Noko av årsaka til ynskje om lausriving er at ein då kan lønne redaktørar og gjere stillinga meir attraktiv, samt gjere avisa meir profesjonell.
  • Grunnen til at det ikkje vart jobba vidare med ideen, var den lange tida prosessen ville ta.
  • Noverande ansvarleg redaktør Olav Slettebø har valt å ikkje jobbe vidare med denne idéen.
K7 BULLETIN
  • K7 Bulletin er studentavisa på NHH (Norges Handelshøyskole) og blir utgjeven 6-7 ganger per semester.
  • Avisa er ein av NHHS (Norges Handelshøyskoles Studentforeining) sine 26 underorganisasjonar.
  • Alt arbeid i avisa er basert på frivilligheit.
  • Alle inntekter frå Bulle går til NHHS.
RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.